Bilhorod-Dnistrovskyj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 46°11′32″N 30°20′00″E
Bilhorod-Dnistrovskyj
Білгород-Дністровський
by
none  Akkerman festning
Akkerman festning
flagg
våpen
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
Oblast Odessa oblast
høgd 28 moh
koordinatar 46°11′32″N 30°20′00″E
Areal 31 km²
Folketal 50 296 (2011)
Tettleik 1 622 / km²
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 67700—67719
Retningsnummer +380 4849
Ukraine location map.svg
Locator Red.svg
Nettstad: www.bilgorod-d.org.ua

Bilhorod-Dnistrovskyj (ukrainsk Білгород-Дністровський) er ein by og ein hamneby på høgrebreidda av Dnestr-limanen (ved Dnestr-estuaret og Svartehavet) i Odessa oblast (provins) sørvest i Ukraina i den historiske regionen Bessarabia. Byen er det administrative senteret i Bilhorod-Dnistrovskyj rajon.

Området der byen ligg i dag var ein koloni i Fønikia kalla Ofiusa og sidan ein gresk koloni kalla Tyras, som òg var namnet grekarane nytta for elva Dnestr. Austromarane kalla kolonien Asperon, Maurokastron, Leukopolis. På tyrkisk heitte byen Turla medan byen under Republikken Genova heitte Montecastro eller Asprokastron.

Byen vart ein del av Fyrstedømet Moldavia i 1359 og festninga vart utbygd i 1407 under Alexander den snille og i 1440 under Stefan den store.

Frå 1503 til 1918 og 1940-1941 heitte byen Akkerman og frå 1918 til 1944 hadde byen det rumenske namnet Cetatea Albă, som tyder det kvite citadellet, medan russarane omsette det til Bilhorod-Dnistrovskyj (Білгород-Дністровський) som tyder den kvite byen ved Dnestr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bilhorod-Dnistrovskyj