Bill Frisell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bill Frisell, 2004
Bill Frisell på Moers Festival 2010

'William Richard «Bill» Frisell' (fødd 18. mai 1951) er ein amerikansk gitarist, oftast kategorisert som jazzmusikar, men som i si karriere har arbeidd innan så ulike musikksjangrar som jazz via pop- og filmmusikk til samtidsmusikk. På 1980- og 1990-tala var han rekna som ein av dei mest individualistiske og innovative gitaristane ved sida av John Scofield og Pat Metheny.

Frisell har samarbeidd med norske fleire musikarar og spelte i Jan Garbarek group i åra 1981 til 1983. Han var på Vossajazz i 2007, Kongsberg Jazzfestival i 1993 og 2006 og Moldejazz i 1981, 1982, 1988, 1990, 1991 og 1995. Frisell spelar på Arild Andersen-albumet Molde Concert i 1981.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Bill Frisell lærte seg å spele klarinett som barn, men skifta snart over til gitar. Via musikken til Wes Montgomery oppdaga han jazzen. På Berklee School of Music i Boston var Jim Hall ein av lærarane og Pat Metheny var klassekamerat. Under eit opphald i Europa blei Frisell kjend med plateprodusenten Manfred Eicher, som utgav album med der Frisell spelte med blant andre Jan Garbarek og trommeslagaren Paul Motian. Seinare blei Frisell medlem av Paul Motian Trio der òg saksofonisten Joe Lovano var med. Musikken på denne tida var prega av ein skjør og svevande klang.

Størstedelen av 1980-åra budde Frisell i New York City og var aktiv i byen si downtown musikkscene. På denne tida samarbeidde han mykje med John Zorn, blant anna som medlem av bandet Naked City. Frisell leia òg ein eigen trio med bassisten Kermit Driscoll og trommeslagaren Joey Baron. Musikken hans utvikla seg på denne tida til å få ein tight, og saman med John Zorn ofte «larmande», sound.

I samband med Charles Mingus-prosjektet Weird Nightmare: Meditations on Mingus arbeidde han i 1992 saman med Art Baron, Greg Cohen, Don Alias og Don Byron. Frisell oppløyste trioen på midten av 1990-åra og reiste til Seattle. Han tok til å integrere bluegrass- og countryelement i musikken sin og sidan årtuseskiftet har påverknad frå brasiliansk musikk og funkelement berika Frisell sin musikk som med det har blitt tydeleg eklektisistisk.

I 2005 fekk Frisell Grammy (årets jazzalbum) for Unspeakable.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1984: Rambler
  • 1984: Smash & Scatteration (med Vernon Reid)
  • 1987: Lookout for Hope
  • 1988: Before We Were Born
  • 1989: Is That You?
  • 1990: Where in the World?
  • 1992: Have a Little Faith
  • 1992: This Land
  • 1995: Go West: Music for the Films of Buster Keaton
  • 1995: High Sign/One Week
  • 1996: Bill Frisell Quartet
  • 1997: Nashville
  • 1997: Gone, Just Like a Train
  • 1999: Good Dog, Happy Man
  • 2000: Ghost Town
  • 2001: Blues Dream
  • 2001: With Dave Holland and Elvin Jones
  • 2002: The Willies
  • 2003: The Intercontinentals
  • 2004: Unspeakable
  • 2005: Richter 858
  • 2005: East/West
  • 2005: Further East/Further West
  • 2006: Bill Frisell, Ron Carter, Paul Motian
  • 2008: History, Mystery

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]