Billefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det polske forskingsfartøyet SY «Eltanin» ved Brucebyen i Billefjorden.

Billefjorden er ein 11 km lang fjordarm inst i IsfjordenSpitsbergenSvalbard. Billefjorden går av frå Isfjorden saman med Sassenfjorden, mellom dei ligg fuglereservatet Gåsøyane. Det nedlagte sovjetiske gruvesamfunnet Pyramiden ligg i fjorden, og isbrea Nordenskiöldbrea har brefronten ut i fjorden. Ved Pyramiden blei det brote kol, og inst i fjorden finst det gips og anhydritt.

Fjordnamnet vart først nytta om Adventfjorden, men frå siste halvdel av 1800-talet vart namnet nytta som i dag. Fjorden er oppkalla etter den nederlandske kvalfangaren Cornelius Claeszoon Bille, som var aktiv i 1675.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Billefjorden

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Den norske los, vol. 7, 2 utg. (Stavanger: Norges sjøkartverk og Norsk polarinstitutt, 1990).
  • Store norske leksikon: Isfjorden

Koordinatar: 78°34′54″N 16°25′03″E

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.