Billericay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Billericay

Billericay High Street mot St Mary Magdalen-kyrkja
Billericay High Street mot St Mary Magdalen-kyrkja
Plassering
Billericay is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Essex
Distrikt Basildon
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

40 000
Koordinatar 51°38′″N 0°25′″EKoordinatar: 51°38′″N 0°25′″E
Diverse annan informasjon
Postnummer CM11, CM12
Telefon-retningsnummer 0 1277
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Billericay

Billericay [/bɪlə'rɪki/] er ein by i distriktet Basildon i Essex. Han har omkring 40 000 innbyggjarar. Mange av innbyggjarane pendlar til London.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I Norsey Wood utanfor byen finn ein gravhaugar frå bronsealderen og jernalderen, og det er òg andre spor etter busetjingar frå desse periodane. Ein har òg funne spor etter ei romersk busetjing, og det kan ha vore eit kavalerifort ved Blunts Wall.

Saksarane slo seg ikkje ned i Billericay, men i Great Burstead omkring tre kilometer sør for byen. I Domesday Book (1086) er ikkje byen nemnt, og soknekyrkja låg i Great Burstead. Først i 1291 finn ein namnet Byllyrica i eit dokument.

1200- og 1300-talet gjekk ei av pilegrimsrutene til Canterbury gjennom Billericay. Det er truleg at ein del valde å overnatte der, sidan dei ved Tilbury måtte krysse Themsen og dermed trong å vente dersom det var vorte kveld. Dette kan vere forklaringa på at det sidan mellomalderen har vore uforholdsmessig mange vertshus i byen.

Den 28. juni 1381 stod den siste konfrontasjonen under bondeopprøret i Norsey Wood. Rikard IIs menn slo opprørarar frå Essex, og drap omkring 500 av dei.

Noko seinare vart byen påverka av Wycliffe-predikantar. Fire personar frå Billericay (Thomas Watts, Joan Hornes, Elizabeth Thackwell og Margaret Ellis) vart avretta ved brenning for tilknytinga si til reformrørsla. Seinare, under den marianske forfølginga, vart protestantane Joan Pottar og James Harris brunne i byen.

Eit av pilegrimsfedrane sine møte før dei la ut i «Mayflower» skal ha funne stad i Billericay. Dette har sett spora sine i namn på stader og institusjonar; blant anna heiter Sunnymede School sine hus Mayflower, Pilgrim, Chantry og Martin (etter Christopher Martin). Fire personar frå Billericay var med på skipet, blant anna Christopher Martin. Han og hustrua hans døydde saman med Solomon Prowe og John Langemore kort tid etter dei kom til Cape Cod i Massachusetts. Seinare skulle fleire følgje i fotspora deira, og i 1655 vart byen Billerica grunnlagt i Massachusetts til minne om dei første utvandrarane i frå byen.

I georgiansk tid vart det bygd mange nye hus i Billericay, og fleire gode døme på georgiansk arkitektur er verna. Eit av dei mest kjende er Burghsted Lodge i High Street, som no husar det offentlege biblioteket. I 1840 vart Union Workhouse reist for å implementere fattiglova. Delar av bygningen vart seinare innlema i St. Andrews hospital. Sjukehuset er no nedlagt, og fleire av bygningane er konvertert til bustader.

Jarnbana kom til Billericay i 1889, i form av ein stasjon på Great Eastern Main Line mellom London og Southend-on-Sea.

I 1916, under første verdskrigen, vart ein zeppelinar (L32) skoten ned over Billericay. Det brennande vraket heldt på å ramle ned rett i High Street, men trefte i staden eit jorde like i nærleiken. Det er mogleg at denne zeppelineren var identisk med «spøkelseszeppelinaren» som hadde sveva over Tonbridge tidlegare same dag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]