Billie Holiday

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Portrett av Billie Holiday frå 1949.
Foto: Carl van Vechten.

Billie Holiday eller Lady Day (fødenamn Eleonora Fagan) (fødd 7. april 1915 i Philadelphia, Pennsylvania, død 17. juli 1959 i New York by) var artistnamnet til ei USA-amerikansk jazzsongarinne med ei særprega stemme og sjeldan evne til improvisasjon. [1] Billie Holiday er kjend for songar som «God Bless The Child», «Strange Fruit», «Lover Man», «Lady Sings The Blues» og «Don't Explain». Fleire av songane hennar har vorte jazzstandardar.

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Eleonora Fagan voks opp utan å kjenna faren sin, musikaren Clarence Holiday. Han forlét den vesle familien for å forfylgja ein karriere som jazzgitarist. Mora, Sarah Fagan, hadde blitt kasta ut av heimen til foreldra i Baltimore, Maryland då ho blei gravid og flytte difor til storbyen Philadelphia. Sidan mora ikkje hadde noka inntekt, tok ho kontakt med halvsøstera si i Baltimore og ordna det slik at dottera fekk veksa opp med henne og svigermor hennar. Sarah Fagan fekk seg jobb på jernbanen og var mykje ute på reise. Ho gifte seg så med ein ny mann, men ekteskapet varte berre i to år. Alt dette gjorde at den unge Eleonora hadde ein ustabil barndom der ho ofte måtte vera vekke frå mora.

Då Eleonora begynte på skulen, skulka ho så mykje at ho vart sendt framfor ungdomsdomstolen før ho var ti år gamal. Ho vart derifrå sendt til ein katolsk reformskule, der ho vart døypt og måtte bli verande i 9 månader. Deretter fekk ho sleppa ut på prøvetid til mora, som no hadde opna eit gatekjøken. Her jobba mora og dottera lange dagar.

Eleonora gjekk ikkje lenger på skulen som elleveåring. Julaftan 1926 oppdaga mora at Eleonora vart valdteken av ein nabo. Ho vart igjen plassert på reformskulen som vitne i si eiga valdtektssak, men vart sleppt ut i februar 1927. Ho fekk seg no ein deltidsjobb på eit bordell. På slutten av 1928 reiste mora til New York by for å prøva lukka der. Dottera kom etter i 1929, men det tragiske utfallet blei at både mora og den tretten år gamle dottera endte opp som prostituerte på gata og begge sat ein periode i fengsel.

Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Eleonora prøvde seg no som songarinne på nattklubbar i bydelen Harlem. Ho tok artistnamnet sitt frå skodespelarinna Billie Dove. Faren, som eigentleg heitte Clarence Halliday, hadde brukt Holiday som artistnamn. Ho vart kjend med far sin i denne tida. I 1929 vart ho kjend med ein tenorsaksofonist som ho opptredte fast med fram til 1931. I 1933 vart ho oppdaga av produsenten John Hammond som ordna med platedebuten hennar.

I løpet av 1930-åra innleidde Billie Holiday samarbeid med Teddy Wilson, saksofonisten Lester Young, Count Basie og Artie Shaw. Saman med Count Basie var ho storbandvokalist, men ho valde ofte songar som omhandla triste kvinneskjebnar. Hennar versjon av «Summertime» med Basies storband vart ein stor hit i 1936. Basie uttalte seinare at han hadde vorte vane med at Billie Holiday hadde sterke meiningar om korleis ho ville høyrast ut, og at ein ikkje kunne fortelja henne kva ho skulle gjera.

Ho slutta, eller fekk sparken av Count Basie i februar 1938, men vart berre ein månad seinare hyra inn av den kvite orkesterleiaren Artie Shaw. Dette var ei tid med mykje rasisme i USA, og det var utradisjonelt å hyra inn ein svart musikar i eit elles kvitt orkester. Under ein turné med Shaws orkester i Louisville i Kentucky, var det ein tilhøyrar som ropte «nigger wench» til henne. Billie Holiday vart rasande over dette og måtte hjelpast ned frå scenen. I november 1938 forlét ho bandet, truleg fordi ho var irritert over å måtta bli dårlegare behandla enn dei kvite musikarane. Det finst ingen gjenverande liveopptak av henne med Artie Shaws band, berre éi innspeling: «Any Old Time».

Hits[endre | endre wikiteksten]

Billie Holiday saman med hunden Mister, 1946.
Foto: William P. Gottlieb.

På slutten av 1930-talet kom ho over songen «Strange Fruit» som tok for seg det følsame temaet lynsjing. Ho forsøkte å få songen innspelt hjå Columbia Records, men møtte motvilje. Commodore Records sa seg derimot ja, og songen var spelt inn hjå dei i april 1939. Trass i at songen ikkje vart spelt på radio i det heile, selde plata svært bra. Ei medverkande årsak var at hit-en «Fine and Mellow» var innspelt på andre sida. Songen var også viktig for Billie Holiday personleg fordi han minte henne om dødsfallet til hennar eigen far. Han hadde blitt nekta behandling for ein dødeleg lungesjukdom på grunn av fordommar. I sjølvbiografien sin skreiv ho at «Han minner meg om måten far døydde på, men eg må halda fram med å syngja han, ikkje berre fordi folk spør etter han, men fordi at tjue år etter at far døydde, så skjer det som tok livet av han framleis i Sørstatane.»

Under ei framføring av «Strange Fruit» på Café Society fekk Billie Holiday kelnerane til å be publikum vera heilt stille når songen tok til. Under den lange innleiinga blei lyset dimma og all rørsle måtte ta slutt. Når Holiday tok til å syngja var berre ansiktet hennar opplyst av eit lite rampelys. På den siste tonen vart alt lyset sløkt, og når dei kom på att, var Holiday forsvunnen.

Idéen til «God Bless the Child» kom etter ein pengekrangel mellom Billie Holiday og mora, som hadde brukt pengane til dottera til å driva restauranten sin. Då Billie kom for å låna pengar av mora ein dag, svara mora blankt nei. Før ho storma ut i sinne, hadde Holiday ropa: "God bless the child that's got his own!" Dette vart Billie Holidays desidert mest populære song. Innspelinga kom ut i 1941 med Arthur Herzog jr. på piano og selde meir enn ein million kopiar. I 1976 vart songen innlemma i Grammy Hall of Fame.

I november 1941 gifte ho seg med trombonisten Jimmy Monroe. To år seinare skifte ho plateselskap til Decca Records. Der ho gav ho ut andre store hits, som «Lover Man» og «Don't Explain». Sistnemnde skreiv ho etter at ho oppdaga leppestift på skjortekragen til ektemannen, Jimmy Monroe. Ho begynte å syngja med strykarakkompagnement på denne tida. I 1946 og -47 spela ho i jazzfilmen New Orleans saman med Louis Armstrong og Woody Herman, men var misnøgd med at rollefiguren hennar var ei hushjelp og at mange scener vart sletta frå filmen. Ho spela likevel inn to songar til filmsoundtracket.

Narkotika og arrestar[endre | endre wikiteksten]

Billie Holiday og Jimmy Monroe vart skilde i 1947. Under ekteskapet hadde Holiday også vore involvert med trompetisten Joe Guy. På dette tidspunktet var Holiday tungt narkotikaavhengig, og Guy hadde ofte skaffa henne heroin, m.a. under innspelinga av New Orleans. Då dette vart oppdaga, vart Guy bannlyst frå studioet. I mai 1947 vart ho arrestert for å ha narkotika i leilegheita. Etter rettssaka vart ho sendt til ein straffeleir i Vest-Virginia. Ho vart benåda herifrå 16. mars 1948 på grunn av god oppførsel, men dei siste tolv åra av livet sitt fekk ho forbod mot å opptre på stader med skjenkjeløyve på grunn av at "kabaret-kortet" hennar hadde vorte inndrege.

Manageren overtalte Billie Holiday til å halda comeback-konsert i Carnegie Hall den 27. mars. Holiday var usikker på om publikum ville ta imot henne etter arrestasjonen, men svara motvillig ja og song for eit fullsett Carnegie Hall den kvelden. Ein av tilhøyrarane gav Holiday ein bukett med gardenia-blomar, det gamle kjennemerket hennar. Utan å tenkja seg om, festa Holiday blomane på sida av hovudet sitt, men merka ikkje at ho med det stakk ei hattenål inn i hovudet. «Eg kjende ingenting før blodet begynte å renna ned auga og øyra mine,» sa ho seinare. Holiday svimte av etter tredje teppefall.

I april fekk ho sitt eige show på Broadway, og opptredte med det i tre veker. Same året spela ho inn George Gershwin-songen «I Loves You Porgy» Ho vart arrestert igjen i januar 1949 på eit hotell i San Francisco. Likevel var ho framleis populær, og i 1949 gav ho ut ein annan kjend hit, «Crazy He Calls Me» på Decca Records. Trass i populariteten fekk ho lite speletid på radio på denne tida, kanskje på grunn av ryktet sitt. I 1950 spela ho i kortfilmen Sugar Chile Robinson, Billie Holiday, Count Basie and His Sextet der ho opptredte med to songar.

Seinare år og dødsfall[endre | endre wikiteksten]

På 1950-talet hadde alkohol, narkotikamisbruk og forhold til valdelege menn tært på stemma til Billie Holiday, men ho var framleis ein framståande jazzartist. I løpet av 1950-åra gav ho ut til saman elleve studio-LP-ar medan ho enno var i live. Hennar fyrste Europaturné gjekk føre seg i 1954, der ho m.a. heldt konsert på Colosseum kino i Oslo. [2] Ved hjelp av ein skuggeforfattar kom sjølvbiografien Lady Sings the Blues ut i 1956 saman med LP-en som inneheldt fire nye songar: «Lady Sings the Blues», «Too Marvelous for Words», «Willow Weep for Me» og «I Thought About You» og åtte gamle hits.

10. november det året heldt Billie Holiday to store konsertar i Carnegie Hall på éin og same dag. I følgje journalisten Gilbert Milstein frå New York Times, skal ho ha virka sjuk og svak, og noko planlaus under prøvane, men gjennomførte likevel to strålande konsertar. Live-opptak frå desse konsertane vart utgjeve posthumt på plata The Essential Billie Holiday.

I 1958 reiste ho til London, der ho gjorde ei av sine siste opptredenar for fjernsynet. Året etter vart dei siste opptaka med henne gjort med MGM. Desse opptaka vart utgjevne posthumt under tittelen Last Recordings.

Tidleg i 1959 fekk Billie Holiday skrumplever og fekk beskjed frå legen om å slutta å drikka. Då ho likevel sprakk, forsøkte venene hennar å få henne innlagt på sjukehus, men utan hell. 31. mai 1959 kom ho inn på sjukehus i New York med alvorleg lever- og hjartesjukdom. Sjølv på dødsleiet vart ho arrestert for å ha narkotika. Difor raida politiet hotellrommet hennar og heldt vakt over rommet på sjukehuset. Politivaktene blei der til Billie Holiday døydde av lungeødem og hjartesvikt den 17. juli.

Dei siste åra hadde Billie Holiday blitt svindla for verdiar. Då ho døydde, hadde ho 0.70 dollar i banken og 750 dollar på seg i kontantar. Holiday hadde vore gift med mafiamannen Louis McKay sidan 1957, men dei vart separerte då ho døydde. Ho etterlét seg heller ingen eigne born, men hadde to gudborn. Gravferda vart halden i Church of St. Paul the Apostle i New York by.

Studioplater[endre | endre wikiteksten]

  • Billie Holiday Sings (1952)
  • An Evening with Billie Holiday (1952)
  • Billie Holiday (1954)
  • Stay with Me (1955)
  • Music for Torching (1955)
  • Velvet Mood (1956)
  • Lady Sings the Blues (1956)
  • Body and Soul (1957)
  • Songs for Distingué Lovers (1957)
  • All or Nothing at All (1958)
  • Lady in Satin (1958)
  • Last Recordings (1959)

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bergh, Johs. (2011, 10. august). Billie Holiday. I Store norske leksikon. Henta 21. april 2014 frå http://snl.no/Billie_Holiday.
  2. Oslokino.no: Colosseum, historikk. Vitja 21.04.14