Billy Cobham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Billy Cobham

William C. Cobham (fødd 16. mai 1944) er ein amerikansk trommeslagar, og ein av grunnleggjarane av fusionsjangeren innan jazzen.

Cobham vart fødd i Panama, men familien flytta til New York då Cobham var fire år gamal. I New York spelte han i trommekorpset «St. Catherine’s Queensmen», og han kom seinare inn på High School of Music and Art i New York. Etter skulegangen gjekk han inn i militæret, der han spelte i U.S. Army Band. Då han var ferdig med militæret, i 1968, byrja han å turnere med pianisten Horace Silver. Dette året opptredde han også med Stanley Turrentine, Shirley Scott og George Benson. Han spelte med Silver i åtte månader, før han i 1969 starta fusionbandet Dreams (andre medlemmer i dette bandet var Michael Brecker, Randy Brecker og John Abercrombie). Etterpå byrja han med Miles Davis, der han kom med som ein av perkusjonistane på Bitches Brew-innspelingane. Seinare fekk han ei større rolle i bandet, og han spelte han inn fleire plater med Davis.

I 1971 slutta han hjå Davis og byrja Mahavishnu Orchestra med Abercrombie. Deira første plate, Inner Mounting Flame, skulle vise seg å bli ein klassikar. Dei originale bandmedlemmene haldt saman berre til 1973. I løpet av denne tida hadde Cobham byrja studioinnspelingar med fleire andre fusionartistar, som t.d. George Benson, Stanley Turrentine, Freddie Hubbard og Grover Washington, Jr..

Etter Mahavishnu var oppløyst gav han ut si debutplate som soloartist, Spectrum, som var prega av gitaristane John Scofield og Tommy Bolin. Han gav ut ei rekkje plater under sitt eige namn i løpet av 1970-åra, med prominente musikarar som John Abercrombie og George Duke.

I tillegg til jazzprosjekta han jobba med, spelte Cobham i 1980- og 1990-åra med Greatful Dead, Jack Bruce og Peter Gabriel. Han starta eit fusionband («Paradox») med tyske musikarar og ein akustisk kvartett («Nordic») med dei norske musikarane Tore Brunborg, Terje Gewelt og Bugge Wesseltoft, og han leier gruppa «Jazz is Dead», som spelar Greatful Dead-materiale.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]