Billy Mills

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Billy Mills

Statsborgarskap USA
Fødd 30. juni 1938 (85 år)
Pine Ridge
Yrke offiser, maratonløpar, langdistanseløpar
Høgd 180 centimeter
Billy Mills på Commons

Billy Mills, eigentleg William Mervin Mills, (fødd 30. juni 1938) er ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå Pine Ridge i Sør-Dakota som vart olympisk meister på 10 000 m i 1964. Han er lakota-indianar, og var den første urinnvånaren i USA som tok OL-gull.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Billy Mills passerer mållinja i Tokyo 1964

Verdsrekordhaldaren, australiaren Ron Clarke var med sine 28.15,6 stor favoritt framom 10 000-meteren under sommarleikane 1964 i Tokyo. Pjotr Bolotnikov frå Sovjetunionen og Murray Halberg frå New Zealand vart rekna som dei sterkaste utfordrarane til Clarke.

Clarke opna som venta i høgt tempo og drog feltet heile vegen. To rundar før mål var det berre to løparar som heldt fylgje med Clarke, Billy Mills og tunisiaren Mohammed Gammoudi. Begge desse løparane hadde personlege rekordar på 29-talet. Gammoudi og spurtsvake Clarke vart passerte av Mills på siste langside. Mills vann løpet med tida 28.24,4, ei personleg rekordforbetring på nær 50 sekundar. Sigeren var den største overraskinga i Tokyo-leikane, og er ein av dei største sensasjonar i internasjonal friidrett nokon gong. Seinare i 1964-Ol vart Mills nummer 14 i maraton.

I 1965 forbetra Mills den USA-amerikanske rekorden på 10 000 meter til 28.17,6, ei tid som gav han tredjeplass på verdsstatistikken på distansen.

Spelefilmen Running Brave frå 1984, byggjer på Billy Mills sitt liv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]