Billy Murcia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Billy Murcia
Verkeleg namn Billy Murcia
Fødd 1951 i Bogotá, Colombia
Død 6. november 1972 i Storbritannia
Instrument Trommer
Yrke Musikar
Tilknytte artistar New York Dolls

Billy Murcia (19516. november 1972) var ein colombiansk-amerikansk trommeslagar, mest kjend som den opphavlege trommeslagaren i New York Dolls.[1]

Billy Murcia og Sylvain Sylvain gjekk på same skule på slutten av 60-åra og her møtte dei Johnny Thunders. Dei starta eit band i lag kalla The Pox i 1967.[2] Dei eigde og styrte i lag ein klesforretning kalla Truth and Soul. Bandet utvikla seg etter kvart til New York Dolls. Medan dei var på turne i England i 1972 vart Murcia invitert til ein fest der han ved eit uhell tok ein overdose. Han vart lagt i eit badekar og tvangsfora kaffi i eit forsøk på å få liv i han att, men som følgje av dette vart han kvelt og døydde.[3] Han døydde før New York Dolls spelte inn debutalbumet sitt.

Songen «Time», frå David Bowie-albumet Aladdin Sane, omhandlar mellom anna Murcia og dødsfallet hans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jacobson, Mark. "The Icon: Doll Face", New York (magazine), September 23, 2002. Vitja 22. okt. 2011
  2. «Criminals». The Mod Pop Archives. http://punkmodpop.free.fr/criminals_pic.htm. Henta 22. okt. 2011. 
  3. Living (and dead) dolls av Peter Shapiro The Times May 21, 2004