Billy Talbot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Billy Talbot
Fødd 23. oktober 1943, New York City i USA
Instrument Bassgitar, vokal
Sjanger Hardrock, countryrock, bluesrock
Aktive år 1962 til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar
Tilknytte artistar Danny & The Memories, The Psyrcle, The Rockets, Crazy Horse, Neil Young
Plateselskap Liberty Records, Valiant Records, Lorna Records, ei avdeling av Autumn Records, White Whale, Reprise

Billy Talbot (fødd 23. oktober 1943)[1] er ein amerikansk musikar, og mest kjend som bassist for backingbandet til Neil Young, Crazy Horse.

Han var fødd i New York City og han starta karrieren sin som gatesongar då han var 14 år gammal. Han flytta til New Jersey med familien sin året etter og då han var 17 hadde han flytta til Los Angeles. Der vart han ven med Ralph Molina og Danny Whitten. Trioen danna ei Doo-wop-gruppe kalla Danny and the Memories.[2] Etter å ha flytta gruppa til San Francisco vart dei The Psyrcle, som etter kvart vart utvida med Leon og George Whitsell og Bobby Notkoff. Bandet skifta då namn til The Rockets.[2]

I 1967 møtte gruppa Neil Young, som då var medlem av Buffalo Springfield. Etter dette møtet ønskte Young å samarbeide med Molina, Whitten og Talbot og skapte Crazy Horse.

Talbot starta å spele solo i 1999 på små konsertstader, støtta av tilhengjarar av Crazy Horse.[2] In oktober 2004 la Talbot igjen ut på eiga hand som The Billy Talbot Band, og gav ut albumet Alive in the Spirit WorldSanctuary Records.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]