Bindusara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mauryariket rundt 300 f.Kr. Det er uklart kven av Tsjandragupta og Bindusara som stod for utvidingane sørover, eller om begge gjorde noko.

Bindusara var den andre keisaren av Mauryariket. Han var fødd om lag 320 f.Kr. og herska frå rundt 298 til han døydde rundt 272 f.Kr. Bindusara var son av dynastigrunnleggjaren Tsjandragupta Maurya og Durdhara. Han hadde tilnamna Adjatasjatru ('mann utan fiendar') og Amitraghata ('drepar av fiendar'), det siste blei omsett til gresk som Amitrochates og Allitrochades. Han var far til Asjoka den store, som etterfølgde han som mauryaherskar.

Få detaljar er kjende om livet til Bindusara. Han er nemnd i greske tekstar, som Deipnosophistæ av Athenaios, og i fleire seinare hindu- og buddhisttekstar, som Bhavishyapurana, Divyavadana og lamaen Taranatha sin historie om buddhismen i India frå 1608.

Styret hans varte i rundt 25 år. Han fortsette utvidinga av riket som faren hadde grunnlagd, men måtte også hanskast med opprør innanfor riket. I sør nådde det heilt til Mysore-riket i noverande Karnataka, medan han slutta fred med dei sørlegare tamilske rika. I ein seinare tibetansk tekst fortel Taranatha at Bindusara overvann seksten rike og herska over landområdet “frå hav til hav”, det vil seie frå Bengalbukta til Det arabiske havet. Berre Kalinga i nord låg ikkje under mauryastyre.

Bindusara overtok også den viktige rådgjevaren Kautilya frå Tsjandragupta. Han fortsette kontakten med den gresk-persiske herskaren Selevkos og sonen Antiokos, som sende ambassadøren Deimakos til Mauryahoffet. Ptolemaios II av Egypt sende også ein ambassadør, Dionysius, anten til Bindusara eller etterfølgjaren Asjoka.

Bindusara hadde fleire søner. Dei fremste var Susima og Asjoka, som var visekongar for områda rundt høvesvis Taksasjila (no Taxila i Pakistan) og Ujjaini (no Ujjain i India). Folket i Taksasjila gjorde opprør to gonger, visstnok mot vanstyret til Susima. Det første opprøret blei slått ned av Bindusara, det andre av Asjoka.

Medan Tsjandragupta hadde døydd som djain-asket og sonen Asjoka skulle bli ein sterk buddhist, følgde Bindusara den filosofiske retninga adjivika. Han var også interessert i gresk filosofi. I eit brev til Antiokos bad han ifølgje Hegesander frå Delfi om «søt vin, nokre tørka fiken og ein sofist». Han fekk berre tilsend dei to første.[1]

Bindusara døydde i 273-272 f.Kr. I dei fire påfølgjande åra slost sønene hans om trona. Asjoka vann striden, og blei herskar over Maurya i 269 eller 268 f.Kr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ducrey, Pierre (2002), Army and power in the ancient world, Franz Steiner Verlag 
  • Sen, Sailendra Nath (1999), Ancient Indian History and Civilization, New Age International 

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]