Bingen am Rhein
| Bingen am Rhein | |
|---|---|
| Byvåpen | Plassering |
| Styresmakter | |
| Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Rheinland-Pfalz {{{region}}} Mainz-Bingen |
| Geografi | |
| Flatevidd - By |
37,74 km² |
| Innbyggjarar - By (2006-12-01) |
26 048 |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Høgd over havet | 89 m |
| Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
| Diverse annan informasjon | |
| Postnummer | 55411 |
| Telefon-retningsnummer | 06721-06725 |
| Bilnummer | MZ |
| Heimeside: www.bingen.de | |
Bingen am Rhein er ein by i distriktet Mainz-Bingen i Rheinland-Pfalz i Tyskland ved elva Nahe der denne renn ut i Rhinen. Byen er grunnlagt i jernalderen av keltarane («Bingium»), og har idag om lag 25 000 innbyggjarar.
Under Romarriket var Bingen utgangspunkt for Via Ausonia, hovudvegen nordover til Augusta Treveroroum (Trier). Romarane bygde festningsverk i byen med ein garnison i det første hundreåret e.Kr, og ei trebru over Rhinen vart reist i 77 e.Kr. Etter Romarriket fall vart Bingen frankisk krongods.
I høgmellomalderen freista Bingen ei vanskeleg vere som len under erkebispedømet Mainz, og leid hardt under bondeopprøret i 1525. I første halvdelen av 1300-talet vart «musetårnet» (Binger Mäuseturm) reist som befesta tollkontor på ei lita øy ute i Rhinen. Her vart ifølgje segna Mainz-biskopen Hatto I drepen ved at han under ein hungersnaud på 900-talet vart eten opp av mus, derav namnet til tårnet.
I mellomalderen var Bingen vanskeleg å passere for skip, og vart dermed ei viktig hamn for omlasting og losing av frakteskuter. Først i 1832 vart den dryge 6 meter breie passasjen utvida til 66 meter då den undersjøiske kvartsittgrunnen ved Bingen vart sprengt bort.
Bingen var fransk i perioden 1792-1813 (frå starten av revolusjonskrigane til bortimot slutten av Napoleons-tida). Etter Wienerkongressen i 1816 vart byen delt mellom Hessen og Preussen. Med samlinga av Tyskland i 1871 vart funksjonen til Bingen som tollstad og grenseby overflødig, og Binger Mäuserturm fungerte som signaltårn for skip fram til 1974.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Bingen am Rhein» frå Wikipedia på bokmål, den 21. januar 2012.