Binzhou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein gjeng eldre menneske i Binzhou praktiserer taiji
Plasseringa av Binzhou (gul) i Shandong

Binzhou (kinesisk: 滨州市; pinyin: Bīnzhōu) er eit byprefektur nord i provinsen Shandong i det austlege Kina. Byprefekturet har eit areal på 9 445 km² og i kring 3,7 millionar ibuarar. Størstedelen av Binzhou ligg på nordbreidda av Huang He.

Byprefekturet Binzhou omfattar eitt distrikt (区 ) og seks fylke (县 xiàn).

Næring[endre | endre wikiteksten]

Kjemisk industri og tekstilindustri er viktigaste næringsgreinene i Binzhou. Etter oljefeltet Shenglifeltet vart oppdaga i granneprefekturet Dongying på 1960-talet, har noko av oljeindustrien verksemder også i Binzhou. Mellom dei store føretaka i Binzhou er tekstilprodusenten Weiqao og den nye bilfabrikken Binzhou Pride.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 205 passerer gjennom området. Vegen byrjar i Shanhaiguan i Hebei og ender opp i Shenzhen, sør i provinsen Guangdong. Undervegs fører han gjennnom Tangshan, Tianjin, Zibo, Huai'an, Nanjing, Wuhu, Sanming, Heyuan og Huizhou.

Kinas riksveg 220 går frå Binzhou til Zhengzhou i Henan.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Menneske har budd i Binzhou-området sidan steinalderen. Under Shang-dynastiet vart området kalla Pugu. Namnet Binzhou fekk i perioden med dei fem dynastia, på grunn av at landet ligg ved Bohaibukta.

Sun Tzu vart kanskje fødd i dette området, i fylket Huimin, som på hans tid låg under Qi-riket.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Binzhou

Kjelder[endre | endre wikiteksten]