Biokovo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Biokovo
Bikovo, sett frå Tučepi
Bikovo, sett frå Tučepi
Høgd over havet 1 762 m
Ligg i/på Dalmatia i Kroatia
Fjellkjede Dei dinariske Alpane
Koordinatar 43°20′N 17°03′E
Fjelltype Kalkstein
Lettaste rute Veg

Biokovo er det nest høgaste fjellet i Kroatia, og ligg ved kysten av Adriatarhavet i Dalmatia mellom elvane Cetina og Neretva. Den høgaste toppen er Sveti Jure (St. Georg) på 1 762 meter. 196 kvadratkilometer av fjellet er ein verna naturpark. Fjellet vert stundom kalla Bijakova, særleg mellom innbyggjarane på austsida av fjellet. Når det er klårvêr kan ein frå toppen av Biokovo sjå heilt til fjellet Monte Gargano i Italia, som er 252 km unna.