Adaptiv stråling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Biologisk diversifisering)
Darwinfinkane er gode døme på adaptiv stråling. Ei lita bestand ulike finkar kom til Galapagosøyene og gav opphav til det som i dag er 13 ulike artar.

Adaptiv stråling er eit evolusjonsbiologisk omgrep som nyttast om høve der ein art eller eit takson splittar seg opp til å fylla mange ulike økologiske nisjar over geologisk sett kort tid. Dette vil seie at det utviklar seg nye artar tilpassa fleire ulike miljø eller levesett samstundes, ut frå ein felles forfar.

Slik artsdanning er særleg vanleg i relativt isolerte økosystem eller umiddelbart etter masseutryddingar.

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.