Biologisk nomenklatur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nomenklatur er i biologien namnet på regelverket for bruk av artane og gruppene sine vitskaplege namn. Dermed er nomenklaturen ein del av systematikken. Namnet Nomenklatur kjem av latin, nomenclatura, og er sett saman av orda: nomen som tyder «namn» eller eigentleg «namneoversikt, terminologiliste, liste over tekniske uttrykk i eit fagområde, ein vitskap eller ein kunstart» og calare som tyder «å kalle».

Vitskaplege namn er latinske eller latiniserte (oftast greske) namn. Døme er Homo sapiens for mennesket eller Monocotyledoneae for eittfrøblada planter.