Biot–Savart-lova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Biot–Savart-lova er ei fysisk lov basert på målingar først utført av dei franske fysikarane Jean-Baptiste Biot og Félix Savart i 1820. Det magnetiske feltet som ein uendeleg lang rettlinja leiar omgjev seg med, er proporsjonal med straumen gjennom leiaren og omvendt proporsjonal med avstanden frå leiaren. Retninga av feltet i eit punkt dannar ein rett vinkel både med straumretninga og med retninga av ei linje som kan trekkast frå punktet vinkelrett på leiaren. Lova vert meir generelt formulert som ei differensiallov, der ein gjev bidraget til magnetfeltet frå kvart enkelt linjeelement av leiaren. Ein kan då rekne ut feltet frå ein leiar av kva form som helst. Òg i den differensielle forma vert lova gjerne kalla Biot–Savart-lova, men til dels òg Ampère-lova.

Biot–Savart-lova vert nytta til å rekne ut det resulterande magnetfeltet B ved posisjonen r generert av ein konstant straum I (til dømes gjennom ein kabel). Lova er eit fysisk eksempel på eit linjeintegral over vegen C som den elektriske straumen går[1]:

 \mathbf{B} = \frac{\mu_0}{4\pi} \int_C \frac{I d\mathbf{l} \times \mathbf{r}}{|\mathbf{r}|^3}.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Grant, I.S. og Phillips, W.R., Electromagnetism, 2. utg., John Wiley & Sons, 2008.