Birger Eriksen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Birger Eriksen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. november 1875
Moskenes
Død

16. juli 1958 (82 år)
Oslo

Yrke offiser, politikar
Språk norsk
Politisk parti Høgre
Birger Eriksen på Commons
Byste av Birger Eriksen i badeparken i Drøbak

Birger Kristian Eriksen (17. november 187516. juli 1958) var ein norsk offiser.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Eriksen var fødd i Flakstad i dåverande Moskenes kommune i Lofoten i Nordland.[1] Han tok examen artium i 1893, og gjekk deretter inn på Krigsskolen. Her vart han uteksaminert i 1896, og gjekk inn som befal ved infanteriet. I 1889 gjekk han over i det nyoppretta festningsartilleriet, der han vart utnemnd til kaptein i 1901 og major frå 1915, då han vart kommandant for Tønsberg befestninger. Same året vart han kommandant ved Agdenes befestninger, frå 1918 som oberstløytnant. I 1931 vart han kommandant for Bergen befestninger, då som oberst. I 1933 vart han overført som kommandant ved Oscarsborg festning.

Andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Eriksen skreiv seg inn i noregshistoria då han som kommandant for det siste festningsverket før Oslo måtte ta stilling til det tyske åtaket morgonen 9. april 1940. Han hadde då fått meldingar frå Oslofjord festning om at framande krigsskip hadde unnlate å stoppe for varselsskot, og heldt fram nordover forbi festninga, altså med kurs for Oscarsborg. Eriksen vurderte då situasjonen opp mot hans instruks. Hans vurdering var då at dei framande skipa ikkje hadde stoppa for varselskot frå Oslofjord festning, og neste trekk skulle etter instruksen vere å gi retta eld med skarp ammunisjon.

Eriksen slutta ut frå dette at han måtte gje eld med skarp ammunisjon utan varsel. Det var dette han gav ordre om då festninga kl. 04.21 gav eld med alt tilgjengeleg artilleri og torpedoar mot det første framande skipet i flotiljen. Dette skipet skulle seinare vise seg å vere den tunge tyske kryssaren «Blücher».

Då «Blücher» vart oppdaga, skal Eriksen ha sagt følgande: «Visst fanden skal der skytes med skarpt! Enten blir jeg stilt for krigsrett eller jeg blir behandlet som krigshelt. Fyr!»

Resten av flotiljen stansa framfor Drøbaksundet, og landsette soldatane som var meint for Oslo bl.a. i Son. Oberst Eriksen forsinka med andre ord den reelle okkupasjonen av Oslo med næmare eitt døgn, og han skaffa dermed Kongen, Regjeringa og Stortinget det naudsynte tidsvindauget til å forlate Oslo og ta opp motstanden. Forseinkinga gjorde det òg mogleg for Noregs Bank å evakuere heile gullbehaldninga på 48,8 tonn.

Eriksen gjekk av for aldersgrensa i november 1940. Han engasjerte seg også i det sivile samfunnet. Då han tenestegjorde ved Agdenes sat han i kommunestyret i Rissa kommune. Han sat òg i kommunestyret i Frogn kommune, og som pensjonist sat han i Drøbak bystyre. Heile tida representerte han Høgre.

Etter andre verdskrigen vart oberst Eriksen mellom anna dekorert med Krigskrossen med sverd,[2] den franske utmerkinga Croix de Guerre og han blei offiser av den franske ordenen Æreslegionen.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. TORE KUBBERØD. (2008) Kongen ærer oberst Eriksen. Østlandets Blad. Besøkt 25. august 2012
  2. Erik Gjems-Onstad (red.): Krigskorset og St. Olavsmedaljen med ekegren, Oslo: Grøndahl Dreyer, 1995, s. 148–149.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Birger Eriksen