Birger Ruud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Birger Ruud


Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. august 1911
Kongsberg kommune
Død

13. juni 1998 (86 år)
Kongsberg kommune

Idrett alpint, skihopping
Tok del i

Skihopping under Vinter-OL 1932, Skihopping under Vinter-OL 1936, Skihopping under Vinter-OL 1948

Utmerkingar

Egebergs Ærespris, Holmenkollmedaljen

Birger Johannes Ruud (23. august 191113. juni 1998) var ein norsk skihoppar og alpin skirennar frå Kongsberg. Han vart verdsmeister i hopp i 1931, 1935 og 1937, og olympisk meister i øvinga under Vinter-OL 1932 og Vinter-OL 1936. Ruud var medlem i Kongsberg Idrettsforening, der også brørne Sigmund og Asbjørn Ruud utmerkte seg.

Idrettsmann[endre | endre wikiteksten]

Birger Ruud, som var son til kommunekasseraren i heimbyen, er den mest segnomsuste skihopparen frå 1930-40-åra. Han fekk sitt store gjennombrot då han 18. februar 1931 vann det spesielle hopprennet under Ski-VM 1931, med god margin til konkurrentane. Etter eit hopp på 56,5 meter i fyrste omgang, stod han for dagens lengste hopp med 58 meter («aldeles nydelig») i den andre omgangen. Året etter sigra han i den olympiske hopptevlinga i Lake Placid.

Vinteren 1934 vart Ruud fyrst tyrolarmeister i hopp, før han i mars sikra seg sin einaste triumf i eitt Holmenkoll-renn. I 1935 vart han både tysk meister i utfor, sachsisk meister i skihopping og verdsmeister i skihopping. Dessutan fekk han VM-bronse i alpin kombinasjon i Mürren.

OL-sesongen 1936 forsvarte Ruud i Garmisch-Partenkirchen den olympiske meistertitelen i skihopping. Tidlegare i leikane var han bestemann i utforløypa, men eit svakare slalåmrenn gjorde at han enda på fjerdeplassen i den alpine kombinasjonen. Nokre veker seinare i Holmenkollbakken måtte han på ny sjå seg slått av tre mann, Reidar Andersen sigra.

I 1937-sesongen kom Ruud på andreplass i skihopp ved Hovudlandsrennet (=noregsmeisterskapen), Andersen tok fyrsteplassen. Under verdsmeisterskapen vart Ruud verdsmeister i øvinga og Andersen nummer 2. I Holmenkollen vann Andersen, Ruud enda på tredjeplass. Samstundes vart Ruud, Olaf Hoffsbakken og Martin P. Vangli tildelt Holmenkollmedaljen.

Vinteren 1938 heldt Birger Ruud til i USA, der han vart amerikansk meister i skihopp. I 1939 vart han noregsmeister for fyrste og einaste gong, men måtte ta til takke med sølvmedaljen ved verdsmeisterskapen i Zakopane. Han sigra så i hoppbakken i Lahti. Sidan tok Ruud bronsen i skihopping ved noregsmeisterskapen 1940, same medaljevalør fekk han i 1947 og -48.

Motstandsmann og atter idrettsutøvar[endre | endre wikiteksten]

Under andre verdskrigen vart Ruud i 1943 sett i tysk fangeleirGrini ved Oslo. Etter verdskrigen deltok han, 36 år gammal, i OL i 1948. På sigerspallen etter hopptevlinga stod tre nordmenn, der gull og sølv gjekk til Petter Hugsted og Birger Ruud, to klubbkameratar frå KIF, Etter 1949-sesongen la Ruud vekk hoppskia.

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Så seint som i 1991 vart Ruud tildelt Egebergs Ærespris. Ved opninga av Vinter-OL 1994Lillehammer skulle Ruud ha vore norsk flaggheisar, men før opningsseremonien fekk han smertar i hjartet og vart frakta til sjukehus. I Kongsberg er det reist ein bronsestatue av Ruud.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1931: Gullmedalje i skihopp i Oberhof-VM
  • 1932: Gullmedalje i skihopp i Lake Placid-OL
  • 1935: Gullmedalje i skihopp i Vysoke Tatry-VM
  • 1935: Bronsemedalje i alpin kombinasjon i Mürren-VM
  • 1936: Gullmedalje i skihopp i Garmisch-Partenkirchen-OL
  • 1937: Gullmedalje i skihopp i Chamonix-VM
  • 1939: Sølvmedalje i skihopp i Zakopane-VM
  • 1948: Sølvmedalje i skihopp i St. Moritz-OL

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1939: Gullmedalje
  • 1940: Bronsemedalje
  • 1947: Bronsemedalje
  • 1948: Bronsemedalje

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Magnus Breili:Sport i navn og tall. 1971

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]