Birgitte Cathrine Boye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Birgitte Cathrine Boye

Statsborgarskap Danmark
Fødd 7. mars 1742
Gentofte
Død

17. oktober 1824 (82 år)
København

Yrke salmediktar
Born Jens Michael Hertz, Christian Hertz
Birgitte Cathrine Boye på Commons

«Senere føjedes hertil et helt Væld af Salmer, dels originale, dels oversatte, saa den nævnte Salmebog talte henved halvandet Hundrede af hendes Frembringelser; hun blev saaledes den, der overvejende gav Samlingen dens Præg. Samtiden lovede hende Udødelighed for denne Virksomhed; nu nævnes hendes Navn som Salmedigterinde næsten kun nedsættende.»

Dansk biografisk Lexikon om Guldbergs salmebok og B.C. Boye som diktar

Birgitte Cathrine Boye (7. mars 174217. oktober 1824) var ein dansk salmediktar.

Birgitte Cathrine vart fødd i Gjentofte ved København som eldste barn av kgl. Jagtbetjent Jens Johannissen og kona Dorthe Henriksdatter. 13 år gammal vart Birgitte Cathrine Johansen forlova med skovridder Herman Herz, som ho vart gift med i 1763. I løpet av fem år fekk ho fire barn, men samstundes studerte ho på eiga hand tysk, fransk og engelsk, slik at ho kunne lese litteratur på desse språka. I 1773 leverte ho 20 salmar etter ei utlysing, og alle vart godt mottekne.

Midt på 1700-talet hadde pietismen fått eit kraftig tilbakeslag i Danmark. Dette fekk òg verknad for salmediktinga. No kom meir høgtflygande dikting på moten. Ludvig Harboe og Ove Høeg-Guldberg fekk i oppdrag å redigere ei ny salmebok, og i januar 1778 la dei fram manuskript til Psalme-Bog eller En Samling af gamle og nye Psalmer, den såkalla Guldbergs salmebok. I denne salmeboka var det med 132 salmar frå Kingos salmebok og 143 frå Pontoppidan si. Heile 146 av salmane var skrivne av Birgitte Cathrine Boye, som på denne måten kom til å setje preg på den nye danske salmeboka.

Det var sagt om henne at ho hadde «en besynderlig Gave til den hellige Poesi». Salmane var skrivne i ei for Birgitte Cathrine dramatisk tid: I 1775 døydde mannen hennar, og i 1778 gifta ho seg på nytt med tollskrivar og justisråd Hans Boye.

Naturen sov ved tændte Natte-Fakler,
Ved Millioner skinnende Mirakler,
Som fra den lange Nat først tindred’ ud,
Og rulled’ hen ved Skabermandens Hænder,
Hvorhen, o Nat! jeg deres Kreds ei kiender;
Men nok din Gud.

Nr 281 i Guldbergs salmebok, i følgje Dansk biografisk Lexikon «den til Skræk og Advarsel ofte citerede «Naturen sov ved tændte Nattefakler»».

Salmeboka møtte mykje kritikk, denne kritikken ramma òg Boye sine salmar. Mange fann salmane hennar i meste laget pompøse. Ho tok seg nær av kritikken, og takka nei då i 1790 vart beden om å levere salmar til ei ny salmebok. Men nokre av salmane hennar lever vidare, i ettertida er ho blitt kjend som kvinna med høgtidsversa. Preikestolversa hennar vert enno sungne på høgtidsdagar, i mange land i Norden. I Norsk Salmebok har ho med ein omsett salme i tillegg til tre høgtidsvers som står både på bokmål og nynorsk.

Birgitte Cathrine Boye skreiv også nokre dramatiske stykke, blant dei

  • «Melicerte» (1780)
  • «Gorm den gamle, et heroisk Sørgespil» (1781)

Salmar i Norsk salmebok:[endre | endre wikiteksten]

Norsk Salmebok har med tre høgtidsvers av Boye, alle omsette av Elias Blix:

Vår Gud, som alt i Edens land,
Baud fyrste brud og fyrste mann
I kjærleik eitt å vera,
Sjå frå din himmel ned til deim
Som vil i kjærleik byggja heim
Ditt store namn til æra!
Sign med
Din fred
Frygd og våde,
So i nåde
Rett dei læra
Med kvarandre alt å bera!

Nynorsk salmebok har, forutan høgtidsversa, ein salme av B.C. Boye (omsett av Matias Skard (nr. 559)

Dessutan har ho omsett salmen «Jeg er frelst og dyrekjøpt» (NoS nr 661)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]