Birkàt haḥammá

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Birkàt haḥammá[1] (hebr. ברכת החמה, 'solsigninga') er ei jødisk signing for sola som blir sagt fram kvart tjueåttande år. Signinga finn stad når vårjamdøgn i følgje tradisjonell utrekning fell saman med solnedgang på ein tysdag. Ifølge jødisk tradisjon har sola då gått gjennom ein syklus og kome tilbake til stillinga ho hadde då verda blei skapt.

Sist gong signinga blei sagt fram var 8. april 2009. Hendinga fall saman med høgtida pesah, noko som berre skal ha skjedd to gonger før i historia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Også skrive birkat hachama