Birka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Birka er også namnet på eit norsk senter for kunst og handverk. Sjå kunstsenteret Birka.
Björkö i Sverige
Utgraving av Birka
Slik kan somme av husa i Birka sett ut i vikingtida. Husa er rekonstruert på grunnlag av arkeologiske granskingar av restane i undergrunnen.
Hengelås frå vikingtida, funne på Björkö i Mälaren.

Birka var den første byen i Sverige og eit viktig senter for handel ved Austersjøen frå 700-talet. Byen låg på øya Björkö i Mälaren i Ekerö kommune. I vår tid er det ikkje anna att etter byen enn dei spora og restane som er kome for dagen ved arkeologiske utgravingar eller kan sjåast i terrenget som gravhaugar og liknande.

Saman med området Hovgården på granneøya Adelsö i same kommune står Birka på Björkö på UNESCO si verdsarvliste.

Birka vart på 800-talet skriven Birca. Namnet kan vera ei latinisering av Björkö. Birka vart òg omtala av Adam av Bremen. Tidlegare har Birka òg vorte kalla Birca og Bierkø. Øya heiter no Björkö, medan namnet Birka er nytta om det området der byen låg.

Birka vart grunlagd kring 750, og var ein av dei første byane i Norden. Andre tilsvarande byar i Norden var Skiringssal (Kaupang) (kring 800) i Noreg, Ribe (kring 710) og Hedeby (kring 810) på Sør-Jylland (nå Slesvig) i Danmark.

Byane hadde fleire sams drag. Det voks fram eit regulert nett av gater. Bygningane låg med gavlen vend ut mot kaien. Handverkarar produserte for ein større marknad enn før, varene kunne seljast over eit større område enn før. Byane låg godt plassert i høve til transport både over havet og til lands. Slik kunne byane inngå i eit internasjonalt handelsnettverk med import og eksport. Kjøpmenn frå nær og fjern (mellom anna den arabiske halvøya) med dyrebare handelsvarer søkte seg til staden. Av utlendingar var det flest av frisarar.

I dag finst det meir enn 3000 gravhaugar og andre typar jordfestingar på Björkö. Fleire jordfestingar kan gjelde utlendingar som har døydd i byen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Birka vart truleg skipa av kongen for sveane midt på 700-talet. På det som no heiter Hovgårdenøya Adelsö nær ved låg ein kongsgard, der kongen kunne overvaka handelen. I vikingtida var Birka ein viktig handelsplass i sveariket. Kring sju hundre personar budde i Birka då byen var på det største.

Mot slutten av 900-talet vart Birka nedlagd som handelsby. I staden vart Sigtuna bygd opp. Ein teori er at Birka vart isolert på grunn av landhevinga; ein kunne etter ei tid ikkje koma inn med båt frå Austersjøen til Birka via Södertälje gjennom Södertälje kanal.

Ansgars Birka[endre | endre wikiteksten]

I år 829 kom munken og misjonæren Ansgar, på oppfordring frå kong Björn, til Hovgården på Adelsö, og den første kristne kyrkjelyden i Birka vart skipa av Ansgar. Eit minnesmerke over Ansgar og hans misjonsarbeid vart reist i 1836 på Björkö. Men Adam av Bremens opplysningar om den store heidne heilagdomen i Uppsala (i det som no heiter Gamle Uppsala) er eit av fleire prov på at Angars misjonsverksemd hadde avgrensa og ingen varig verknad; Sverige vart det siste av dei tre skandinaviske landa Noreg, Sverige og Danmark som vart kristna.

Då andre stadar òg har hatt namn som kan lesast som Birka, og dei historiske kjeldene ikkje er eintydige om kvar det Birka låg som misjonæren Ansgar vitja, har det i moderne tid vorte peika ut andre stadar som den byen Birka Ansgar var i. Særleg har den såkalla västgötaskolan drege fram ulike teoriar. Men det ser ut å til vere eit fleirtal av forskarar som held Birka på Björkö for å vere den rette staden.

Etter dei alternative teoriane den Birka som Ansgar misjonerte i, ha vore på:

  • Åland
  • Bjärka i Västergötland (ifylgje Västgötaskolan. Västgötaskolan, og kalla Götalandshypotesen, er nemninga på teoriar fremma av historikarar, journalistar og andre som vil poengtere at Västergötland har vore særs viktig i kulturelle og politisk samanhang i Sverigesoga i førhistorisk tid og i mellomalderen. Teoriane til Västgötaskolan har vorte sterkt kritiserte for å vere for spekulative.)
  • KöpingÖland. Ifylgje Riksaantikavierämbetets database er svartjorda på denne staden (svart og feit mold som fylgje av rotna organisk materiale og trekol etter busetnad og anna menneskeleg aktivitet) fem til sju gonger så stor som på Björkö.
  • Vreta utanfor Linköping.

Det finst ulike argument for og mot dei ulike Birka. Dei fremste argumenta mot at Birka på Björkö er rette staden, er at øya ikkje ligg midt i Sueonia, slik Adam av Bremen skreiv. Øya låg i utkanten av riket på Adams tid, og det framgår av Adams bok at byen Birka ikkje fanst lenger då han levde. Men det vert sett på som eit sterkt argument for at Birka på Björkö retteleg er den staden Adam av Bremen omtalar at Birka på Björkö ikkje ligg langt frå Sigtuna, ein viktig by på Adam av Bremens tid.

På eldre svensk språk hadde Birka ei tyding av borg eller handelsplass. Jamfør birkelag, handelslag og birkekarlar, kjøpmenn.

Arkeologiske utgravingar og granskingar[endre | endre wikiteksten]

Oversyn over dagens Birka med fortidas strandliner teikna inn.
Arkeologiske utgravingar i Svarta jorden på Björkö sumaren 1991. Foto: Holger Ellgaard.
Arkeologisk utgraving på Garnisonen på Björkö i 2004.
Stolpes notat om granskingane av grava som fekk nummer 142.
Kross av sylv frå kvinnegraver i Birka på Björkö.

Eit om lag sju hektar stort område kalla Den svarta jorden i Birka er området kvar den tettbygde staden Birka låg frå om lag 750 till 1000 e.Kr. Jorda har vorte svart og feit på grunn av at den menneskelege aktiviteten har ført til mykje rotna organisk materiale og trekol i molda. Dette arealet ligg på den nordlege parten av øya og er inngjerda av ein jordvoll, som i sør endar i Borgberget med restar etter ei festning. Utanfor vollen ligg det store areal med ei mengd graver. Her det mellom anna funne sokalla kammergraver, det vil seie djupt grava sjakter med tømmerveggar, og med rikhaldig gravgods.

Svarta jorden er registrert som fast fornminne (Raä (Riksantikvarieämbetet) 119 i Adelsö socken.) I denne 'Svarta jorden' har det vore gjort utgravingar allereie på 1600-talet. På 1680-talet grov forskaren Johan Hadorph og fann «swarteste Kohlen aff upbrände Husen, hwarest Bönderne hafwa sin fetaste Åcker». Men det var fyrst på 1870- og 1880-talet at utgravingane fekk eit meir vitskapleg preg. Dei seinaste arkeologiske utgravingane vart gjort mellom 1990 og 1995 og galdt til saman et areal på om lag 350 m².

Hjalmar Stolpe, som var entomolog og leita etter rav for å studere insekt som ofte finst inni i rav, gjorde systematiske utgravingar på Björkö på 1870- og 80-talet. Han fann både rav og gjorde mange andre arkeologiske funn. Stolpe grov, granska og dokumenterte i til saman ti år gravhaugane på "Hemlanden" og den "Svarta jorden", og la grunnlaget for all framtidig Birka-forsking. Funna hans er i dag basen i dokumentasjonsmaterialet frå vikingtida, men mange av gjenstandane ligg framleis nedpakka og uutforska[1]. Eit av dei største funna han gjorde var ein sylvskatt med 450 islamiske sylvmynt og ei mengd sylvsmykke som låg på eit fat av jarn.

Arkeologen Björn Ambrosiani grov i Svarta jorden på Björkö 1969–1971, og var prosjektleiar for utgravingane i 1990–1995. I 1997–2004 gjorde Arkeologiska forskningslaboratoriet på Stockholms universitet utgravingar på den såkalla Garnisonen under leiing av Lena Holmquist Olausson, og i 2005 og 2006 gjorde Riksantikvarieämbetets undersökningsverksamhet (UV) utgravingar i utkanten av vår tids Björkö-grend for å freiste å få fram kunnskap om mellomalderens Björkö. I 2007 gjorde dei nye utgravingar attmed gravfeltet Grindsbacka på mellomste Björkö.

Mesteparten av funna frå utgravingane i Svarta jorden, og dessutan ei mengd gjenstandar som har kome for dagen under jordbruksarbeid i området, er samla i Statens historiska museum i Stockholm.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Adam av Bremen: Beretningen om Hamburg stift, erkebiskopenes bedrifter og øyrikene i Norden : Fra latin, med innledning, noter og register ved Bjørg Tosterud Danielsen og Anne Katrine Frihagen : Etterord ved Helge Ingstad. Oslo 1993. Aschehoug. ISBN 82-03-20028-1
  • Rimbert (erkebiskop av Bremen). Boken om Ansgar : Ansgars liv (omsett frå latin av Eva Odelman; med kommentarar av Anders Ekenberg ... [og andre].) Stockholm 1986: Proprius/Samfundet Pro fide et christianismo. ISBN 91-7118-555-0

Arkeologisk fagbok om utgravingane og granskingane av gravfeltet i Birka:

  • Arbman, Holger (og medarbeidarar). 1940. Birka : Untersuchungen und Studien. 1, Die Gräber : Tafeln. Stockholm: Kungl. Vitterhets historie och antikvitets akademien. (Band med bilete av gravene og gjenstandane i dei).
  • Arbman, Holger (og medarbeidarar). 1943. Birka : Untersuchungen und Studien. 1, Die Gräber : Text. Stockholm: Kungl. Vitterhets historie och antikvitets akademien. (Band som gjer greie for utgravingane og granskingane)

Fotnoter[endre | endre wikiteksten]

  1. Birka, Bente Magnus, RAÄ, 1999, side 16

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]