Birtavarre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Birtavarre (kvensk Pirttivaara, samisk ''Gáivuonbahta'') er ein tettstad i Kåfjord kommune i Troms. Birtavarre er ein av tre tettstader i kommunen, og ligg langs Europaveg 6. Birtavarre ligg ca. 18,3 km sørøst for Olderdalen (på nordsida av fjorden), og ca. 12,5 km sørøst for Samuelsberg (nordsida av fjorden). I 2009 var befolkningen i tettstaden og områda rundt 283.

Tettstaden har eit godt servicetilbod som har kommunens helsetenester på Kåfjord helsesenter, to butikkar, eit husflidsutsalg, ein barnehage og ein campingplass. Bygda har også et ullkarderi som karder uvaska ull på maskiner førstninga av 1900-talet. I tillegg finst det også ulike treningstilbod ein kan dra nytte av. Birtavarre Røde Kors har eit treningsrom, og Indre Kåfjord Idrettslag (IKIL) har fotball - og skigrupper, samt turmarsjar. I Birtavarre ligg også Birtavarre bedehus.

Birtavarre er porten til Halti, Finlands høgaste fjell. Frå Europaveg 6 som går like utanfor tettstaden kan du følgje fylkesveg 333 i Troms, deretter ein sommeropen grusa fjellveg heilt inn til foten av Halti i innerenden av Guolasjavri.

Namnet «Birtavarre» kom i tida det var gruvedrift i Kåfjord. Før blei Birtavarre kalla Kåfjordbotn, men på denne tida var det også gruvedrift i Kåfjord i Alta og mange enda opp i feil Kåfjord.

Eit tidlegare gruvesamfunn[endre | endre wikiteksten]

I Birtavarre har det tidlegare vorre eit gruvesamfunn med smelteverk i Ankerlia, som ligg øvst i Kåfjorddalen. Dei første malmfunne fra dette området ble gjort i 1860-årene, og var meir eller mindre i drift til 1919. Det var arbeidere fra nærområdene i Kåfjord og Nordreisa, men også langveisfra som Russland og Karelen. I Blind-Fredriks skillingsvise kan ein høyra om hardt og farleg arbeid i gruvane. Ankerlia var administrasjonsstaden for drifta i perioden 1898-1919. Fra Ankerlia går anleggsveger og stier opp til dei ulike gruvene på Moskogaisa. På Moskogaisa budde heile familiar gjennom vinteren, og det var også skule der oppe. Andre gruver som tilhørte verket var Sabetjohk og Skaidi gruver. Malmen fantes som lag og linser i kvartsittisk skifer i nærheten av amfibolitt antatt knyttet til en gabbro fakkolitt. Drift på pyrrhotitt, chalcopyritt og Sfaleritt. Lokalt inneholdt malmen 3-6 prosent kobber. Videre kan ses rester etter smelteverk, boliger, brakker, kontor og butikk. Ruinane etter gruvedrifta er i dag bevart av Nord-Troms Museum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]