Biscayabukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Biscayabukta
Flysjlandskap ved Gipuzkoa på nordkysten av Spania
Kysten av Biscayabukta - San Juan de Gaztelugatxe (Biscaya).

Biscayabukta (spansk: Golfo de Vizcaya; fransk: Golfe de Gascogne; baskisk: Bizkaiko Golkoa; oksitansk: Golf de Gasconha; engelsk: Bay of Biscay) er ei bukt i Nord-Atlanteren. Ho ligg på vestkysten av Frankrike, frå Brest og sørover til den spanske grensa og nordkysten av av Spania. Bukta er kalla opp etter den spanske provinsen Vizcaya.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Delar av kontinentalsokkelen strekkjer seg langt ut i bukta, og dei grunne farvatna skapar grov sjø som området er kjend for.

Elvar[endre | endre wikiteksten]

Dei største elvane som munnar ut i Biscayabukta er:

Store byar[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane langs kysten av Biscayabukta er:

Geografiske koordinatar

45°05′27″N 3°54′27″WKoordinatar: 45°05′27″N 3°54′27″W

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den sørlege delen av bukta vert på spansk kalla Mar Cantábrico (Det kantabriske havet), etter regionen Cantabria, men dette namnet vert lite brukt på andre språk. Det vart namngjeve av romarane i det første århundre fvt. som Sinus Cantabrorum (Cantabri-havet).

På enkelte kart frå mellomalderen er Biscayabukta merka som El Mar del los Vascos, Baskerbukta. Biscayabukta er heimstad for nokre av dei mest vidkjende og velukka maritime industriane i verda, dei baskiske og kantabriske skipsbyggjarane og fiskarane.

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Bilferjer frå Portsmouth til Bilbao og frå Plymouth til Santander, mellom England og Spania, er ein av dei beste måtane å få sett kval på i europeiske farvatn, og det er ofte spesialistar og forskarar om bord. Frivillige og tilsette i Biscay Dolphin Research Programme nyttar brua på fartøyet mellom Portsmouth og Bilbao til å observere og overvake aktiviteten til kvalar og delfinar. Ein kan sjå fleire artar av kvalar og delfinar i dette området, og er ein av få stader der nebbkval, som gåsenebbkval har vorte observert.

Dei beste områda for å sjå store kvalar er over djupt vatn, utanfor kontinentalsokkelen, særleg over Santander- og Torrelavegajuvet sør i bukta.

Ein kan òg ta ei tredagars rundreise, der ein òg kan sjå mange forskjellige fugleartar, særleg havsule.

Algen Colpomenia peregrina vart oppdaga av østersfiskarar i Biscayabukta i 1906.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]