Bislett Games

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bislett Stadion.
Foto: Kjetil Ree.

Bislett Games er eit årleg friidrettsstemne som blir halde på Bislett stadion i Oslo, vanlegvis den fyrste fredagen i juni. Dei siste åra har Bislett Games vore ein del av Diamond League.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1946 arrangerte ein EM i friidrettBislett stadion. Etter dette starta ein tradisjon med å ha årlege stemne frå 1947 som gjekk under namna «Oslo-leikane», «Haust-leikane», «Septemberleikane» og «Norden-USA». Stemna sleit med økonomien sjølv om det stadig vart sett nye verdsrekordar. Difor gjekk Osloklubbane IL i BUL, SK Vidar og IK Tjalve saman og skipa Bislett-alliansen. Same året heldt IK Tjalve sitt jubileumsstemne, der australiaren Ron Clarke sette verdsrekord på 10 000 meter. Mange reknar dette som det fyrste Bislett Games, men det blei arrangert av Bislett-alliansen året etter, i 1966. Dei fyrste åra blei det arrangert to stemne i året, men etter kvart blei det eitt sommarstemne.

Ein av arrangørane til 1966-stemnet var telemarkingen Arne Haukvik. Han var tidlegare Sp-politikar, men medlem i BUL og manager for Ron Clarke. Når Clarke var i Noreg, budde han gjerne heime hjå Haukvik i Groruddalen, og viss journalistane ringte og ville intervjua han, vart dei inviterte på jordbær og fløyte i hagen. Dette vart byrjinga til Haukvik sine «Jordbærselskap» og pressetreff dagen før Bislett Games tok til. I 2001 flytte ein pressetreffet til Oslo Rådhus. Haukvik døydde av kreft i 2002.

Bislett Games har vorte arrangert på Bislett stadion kvart år sidan 1966. Einaste unntaket var i 2004, då stadionet vart ombygd. Dette året arrangerte ein Bislett Games på Fana stadion i Bergen.

Bislett-medaljen[endre | endre wikiteksten]

Frå 1966 blei også Bislett-medaljen innstifta, retta mot markante utøvarar og prestasjonar under leikane. Dei fyrste mottakarane var langdistanseløparen Thor Helland, spydkastaren Terje Pedersen og sprintaren Carl Fredrik Bunæs.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]