Bivrost

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Regnbogen blei sett på som brua Bifrost.
Foto: Erik Christensen

Bivrost eller Bifrost er i norrøn mytologi ei bru som går frå menneskeheimen Midgard til gudeheimen Åsgard. På norrønt språk tyder Bifrost 'den skjelvande vegen' eller 'den flammande brua'. Brua er regnbogen, eller kan òg tolkast som nordlyset eller Mjølkevegen.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Gudane eller æsene reiser dagleg over Bivrost for å møtast i skuggen av verdstreet Yggdrasil. Guden Heimdall vaktar brua der han bur i Åsgard. Brua har tre fargar, der raudfargen er ein logande flamme som skal vera til forsvar mot jotnane.

Ende[endre | endre wikiteksten]

Det vert spådd at ved Ragnarok vil brua verta øydelagd. Snorre Sturlason skriv i den yngre Edda at når Muspelsønene rir over brua vil ho ramla saman.