Bjærangen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bjærangen er ein dal og ei grend som ligg mellom Halsa og Engavågen, inst i Bjærangfjorden.

Fjorden er rik på fisk og dalen er rik på elg. Vinterstid vert det laga til skiløyper i Bjærangen.

Sommarstid er òg fjorden populær, då ei lakseelv renn ut i Bjerangsfjorden.

Bjærangen har postadresse Halsa. Ungane herifrå går på barneskule her før dei held fram på ungdomsskulen på Engavågen. Utanfor Bjærangen er framleis ein gamal lokalbutikk i drift; Karl B. Tidemanns eftf.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]