Bjølle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kubjølle

Ei bjølle, av norrønt bjǫllu, ei oblik form av bjalla, er ei lita metallklokke med kolv i.[1] Når klokka heng fritt, kan kolven slå mot klokka og gi ein ringelyd.

Dombjøller er runde, hole bjøller med kuler inni. Forstavinga dom' siktar til at dei gir ein døyvd, i eldre språk dumb, lyd.[2]

Ordet bjølle kan også bli brukt om tilsvarande innretningar som gir lette plingelydar.

Bruk av bjøller[endre | endre wikiteksten]

Bjøller blir hengde rundt halsen på husdyr som går på utmarksbeite slik at dei skal bli lettare å finne att. Dørbjøller ringer når ein opnar ei dør, og i butikkar kan ei bjølle på disken varsle personalet om kundar som ønskjer hjelp.

Dombjøller vert brukte på hestar.


Referansar[endre | endre wikiteksten]