Bjølvo kraftverk

Koordinatar: 60°25′57.432″N 6°25′11.561″E / 60.43262000°N 6.41987806°E / 60.43262000; 6.41987806
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°25′57.432″N 6°25′11.561″E / 60.43262000°N 6.41987806°E / 60.43262000; 6.41987806

Bjølvo kraftverk.

Bjølvo kraftverk er eit kraftverk, som ligg ved Ålvik i Kvam herad i Vestland fylke. Vasskraftverket utnyttar fallet mellom Bjølsegrøvatnet og Hardangerfjorden.

Bjølsegrøvatnet vert regulert mellom 880 og 862 moh. Vatn vert og overført frå fleire bekkeinntak og frå Kastdalen pumpestasjon.

Kraftverket vart etablert for å gje energi til Bjølvefossen AS. Det opphavlege kraftverket starta produksjonen i 1918 med tre turbinar med ein effekt på 9 MW kvar. Verket vart utvida i 1938 og 1972. Staten overtok verket i 1964 som følgje av heimfallsretten. Bjølvefossen AS leigde så verket fram til 1997Statkraft overtok drifta. Den nye kraftstasjonen starta produksjonen i 2004 og er eigd og driven av Statkraft. Det nye kraftverket ligg 1200 meter inne i fjellet, medan den gamle stasjonsbygningen framleis ligg synleg ved Hardangerfjorden.

Årleg produksjon er på ca 387 GWh. Installert effekt er 95 MW.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]