Bjørkebukk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjørkebukk
Bjørkebukk
Bjørkebukk
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Biller Coleoptera
Familie: Trebukkar Cerambycidae
Slekt: Saperda
Art: Bjørkebukk S. scalaris
Vitskapleg namn
Saperda scalaris

Bjørkebukk er ein billeart i trebukkfamilien. Han finst vanleg nord i Eurasia frå Nordaust-Kina til Storbritannia. I Noreg finn ein arten overalt der det er skog.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Bjørkebukken lever i tilknyting til mange forskjellige slags lauvtre, i Noreg særleg bjørk og osp. Larvane lever under barken, helst på fuktig og svakt rotnande trevirke. Ein finn dei både i ståande og liggande stammer. Det tek mellom 1 og 3 år før dei forpuppar seg om våren. Tidleg på sommaren kjem dei vaksne billene fram. Desse er mest aktive om kvelden, og flyg stundom mot kunstig lys.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]