Bjørkefink

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bjørkefink

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Ho og hann. Foto: Marek Szczepanek
Ho og hann.
Foto: Marek Szczepanek

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Fringillidae
Slekt: Fringilla
Vitskapleg namn
Fringilla montifringilla

Bjørkefink (Fringilla montifringilla) er ein fink som finst i skogar nord i Eurasia, men som og kan dukka opp i Nord-Amerika. Han overvintrer ved Middelhavet, i Nord-India, Kina og Japan. Han kan bli sett på låglandet i Sør-Noreg vår og haust.

Innhaldsliste

[endre] Skildring

Fuglen er om lag 16 cm. Han har same storleik og form som bokfinken. Hannen i sommardrakt, har kolsvart hovud og rygg, rustgult bryst, ein stor rustgul skulderflekk og to kvitgule vingeband. Om hausten og vinteren er hovudet og ryggen brunaktige, med ein kvit nakkeflekk. Hofuglen liknar hannen i vinterdrakt, og kan forvekslast med hofugl av bokfink, men har kvit overgump og to mørke langsgåande render på spissen. Ungfuglen liknar hofuglen.

Fluktlåta er eit kort jekk jekk, når den sit eit kvæææ. Varskurop kvææ eller æææ (meget likt lokkeropet).

[endre] Hekking

Bjørkefink
Foto: Svein Jan Hjelmeset

Bjørkefinken rugar i bjørkebeltet og høgareliggande barskog, nord for Dovre også i låglandet (uregelmessig låglandshekking sørover). Han hekkar nordover til bjørkeskoggrensa i Finnmark. Der har han reir i tre, som liknar bokfinken sitt, men litt større; hofuglen byggjer reiret av mose, strå, hår og forar det med fine strå, planteull og fjører.

Dei 5-7 egga liknar bokfinken sine, grå eller brungrønne (ein sjeldan gong lyseblå) med brune og svartbrune flekkar.

[endre] Levemåte

Bjørkfinken lever av insekt, frø og bær. Han er stand- og trekkfugl. Ein ser fuglen på låglandet i Sør-Noreg hovidsakleg i trekktidene, mars-april-mai og aug.-okt.-nov.

Om vinteren er bjørkefinken å sjå frå vest i Italia og austover. Han overvintrer i varierande antall i Noreg.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bjørkefink
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk