Bjørkeris
Eit bjørkeris er ein bunt kvistar frå eit bjørketre. Det har tradisjonelt vore brukt som pynt og til å slå med, gjerne som straff.
[endre] Rising
Bjørkeriset vart gjerne brukt til avstraffing av ungar ved at ved at ein slo bjørkeriset hardt mot den bare baken til ungane. Rising med mellom anna bjørkeris fann også stad mot vaksne fram til midten av 1900-talet. «Ris på rumpa» påfører smerte og skam, ved at bakenden blir blotta. Som anna fysisk avstraffing er det no forbode over store delar av Europa.
[endre] Dasking
I land med badstue-tradisjon, som Finland, Skandinavia, Baltikum og Russland, er det vanleg å daska kroppen med bjørkeris dyppa i vatn for å auka blodsirkulasjonen og opna porene i kroppen. Sidan bjørkerisa har blada på og gjerne er mjukna gjennom å ha lege i vatn, gjer det ikkje vondt.
[endre] Pynting
Riset er òg ein del av den tradisjonelle norske fastelavnsfeiringa og syttande mai-feiringa. Tidlegare var det vanleg å risa både jord, tre, dyr og kvinner for å få god grøde det året. I nyare tid er det vanleg å pynta bjørkeris med farga fjører eller papirbitar og setta dei i vatn innomhus. Lauvet sprett når dei kjem inn i varmen.