Bjørn Bang Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjørn Bang Andersen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. november 1937 (86 år)
Idrett friidrett
Utmerkingar

Bislett-medaljen, Kongepokal

Bjørn Bang Andersen (fødd 14. november 1937) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar, fødd i Vardø, som fyrst og fremst tevla i kulestøyt, i mindre grad også i diskoskasting. Han vann medalje i kulestøyt i 23 etterfylgjande noregsmeisterskap (1960-82), 13 av dei i gull. I 1963 og 1965 vart han nordisk meister i kulestøyt. Andersen, som i alle år var medlem av Idrettslaget i BUL i Oslo, har budd i Porsgrunn sidan 1960-talet.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Andersen var den dominerande kulestøytaren i Noreg i tida frå 1961 til 1974. I ein periode på 12 år, 1961-72, flytta han den norske kulerekorden seksten gongar frå 16,34 m til 19,29 m. Sin endelege personlege rekord på 19,29 meter sette han 12. august 1972 under noregsmeisterskapen på Stavanger stadion.

Andersens fyrste noregsrekord, 16,34 m, vart sett på Bislett stadion i Oslo 25. mai 1961. Eit par veker seinare oppnådde han 16,75 m i Porsgrunn og i september månad nådde han 16,79 m i Hønefoss. I 1962-sesongen opna han med rekordstøytet 17,07 m i Porsgrunn, og heldt utover sommaren fram med tre ny rekordar på Bislett stadion; 17,31 m i slutten av juni, 17,41 m i slutten av juli og 17,49 m den 28. august.

Under nordisk meisterskap i friidrett 1963 i Göteborg gjekk Andersen heilt til topps med sine 17,35 meter. Mot tampen av 1963-sesongen pynta han den norske rekorden til 17,57 m då han vart nummer to under landskampen Noreg mot Vest-Tyskland. I byrjinga av 1964 forbetra han noregsrekorden til 17,80 m i Porsgrunn i byrjinga av juni. Knapt fire veker seinare flytta han rekorden til 17,94 m på Bislett stadion, ein noregsrekord han tangerte same staden eitt år seinare. Også i 1965 vart han nordisk meister i kulestøyt.

Sommaren 1966 forbetra Andersen noregsrekorden fire gongar. Det tok til med at han smaug seg forbi 18-metersgrensa med 18,04 m i juli månad, heldt fram med 18,15 m og kongepokal under friidretts-NM på Stabekk i august og 18,25 m i Göteborg. Under kulekvalifiseringa i EM i friidrett 1966 i Budapest fekk han opp 18,01 m, men stoppa på 17,84 m og ein niandeplass i finalen. Tre dagar etter EM-finalen støytte han 18,30 m i svenske Malmö, hans fjortande norske rekord på litt over fem år.

Frå juni 1967 sto Harald Lorentzen som norsk rekordhaldar i kule med eit støyt på 18,68. Sommaren 1971 tok Andersen noresgrekorden tilbake då han støytte 18,94 m. Under noresgmeisterskapen passerte Andersen 19-metersstreken for fyrste og siste gong der han fekk målt 19,29 m. Rekorden stod i tre år.

Andersen var også ein habil diskoskastar som på 1960-talet fleire gongar blanda seg inn i medaljestriden under noregsmeisterskapane, men måtte nøye seg med fjerdeplass som best. Den personlege rekorden på 55,00 meter i diskoskasting sette han i 1974.

Medaljar i norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1960: Sølvmedalje i kulestøyt – 15,61 m, bak Stein Haugen (16,04 m)
  • 1961: Gullmedalje i kulestøyt – 16,10 m, framom Stein Haugen (15,86 m)
  • 1962: Gullmedalje i kulestøyt – 16,30 m, framom Stein Haugen (16,07 m)
  • 1963: Gullmedalje i kulestøyt – 16,83 m, framom Harald Lorentzen (15,92 m)
  • 1964: Gullmedalje i kulestøyt – 17,72 m, framom Harald Lorentzen (17,35 m)
  • 1965: Gullmedalje i kulestøyt – 17,44 m, framom Harald Lorentzen (16,44 m)
  • 1966: Gullmedalje i kulestøyt – 18,15 m, framom Harald Lorentzen (16,79 m)
  • 1967: Sølvmedalje i kulestøyt – 17,66 m, bak Harald Lorentzen
  • 1968: Gullmedalje i kulestøyt – 17,59 m, framom Harald Lorentzen (17,15 m)
  • 1969: Sølvmedalje i kulestøyt – 17,10 m, bak Harald Lorentzen (17,35 m)
  • 1970: Gullmedalje i kulestøyt – 18,26 m, framom Harald Lorentzen (17,71 m)
  • 1971: Gullmedalje i kulestøyt – 17,90 m, framom Arild Busterud
  • 1972: Gullmedalje i kulestøyt – 19,29 m, framom Harald Lorentzen (16,53 m)
  • 1973: Gullmedalje i kulestøyt – 17,91 m, framom Arild Busterud (17,34 m)
  • 1974: Gullmedalje i kulestøyt – 18,15 m, framom Leif Rise (17,99 m)
  • 1975: Sølvmedalje i kulestøyt – 17,85 m, bak Knut Hjeltnes (18,72 m)
  • 1976: Sølvmedalje i kulestøyt – 17,76 m, bak Knut Hjeltnes (18,48 m)
  • 1977: Sølvmedalje i kulestøyt – 17,37 m, bak Ole Haugom (17,72 m)
  • 1978: Sølvmedalje i kulestøyt – 17,32 m, bak Knut Hjeltnes (19,45 m)
  • 1979: Sølvmedalje i kulestøyt – 18,29 m, bak Knut Hjeltnes (18,88 m)
  • 1980: Sølvmedalje i kulestøyt – 17,76 m, bak Knut Hjeltnes (20,55 m)
  • 1981: Sølvmedalje i kulestøyt – 17,41 m, bak Knut Hjeltnes (18,18 m)
  • 1982: Bronsemedalje i kulestøyt – 16,99 m

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • EM 1962 i Beograd: Utslått i kvalifiseringa (16,12 m =nr 19)
  • Nordisk meisterskap i fridrett 1963 i Göteborg: Gullmedalje – 17,35 m
  • Nordisk meisterskap i fridrett 1965 i Helsinki: Gullmedalje – 17,80 m
  • EM 1966 i Budapest: Nr 9 – 17,84 m
  • EM 1971 i Helsinki: Utslått i kvalifiseringa (17,83 m =nr 21)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Magnus Breili: Sport i navn & tall. 1971
  • friidrett.no