Bjørn Lødemel
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjørn Lødemel (fødd 19. august 1958) er ein norsk politikar for Høgre. Han vart vald inn på Stortinget frå Sogn og Fjordane i 2009. Han hadde då vore ordførar i Hornindal kommune sidan 1995, samt kommunestyremedlem sidan 1991. Han har òg vore regionrådsleiar, og er leiar i Sogn og Fjordane Høgre.
Lødemel har utdanning frå handelsskule (1974–1976), og har vore fabrikkarbeidar ved Ekornes på Grodås (1978–1991) og sjølvstendig næringsdrivande bokhandlar med Lødemel bokhandel frå 1989 til 2008.
[endre] Stortingskomitéar
- 2009–2013: medlem av Energi- og miljøkomitéen på Stortinget
[endre] Bakgrunnsstoff
- Bjørn Lødemel på Stortinget.no
- Bjørn Lødemel hos Sogn og Fjordane Høgre
| Føregjengar Ola Are Ytrehorn |
Ordførar i Hornindal 1995–2009 |
Etterfylgjar Edvin Haugen |