Bjørn Tiller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjørn Tiller

Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. januar 1959 (65 år)
Yrke sjakkspelar

Bjørn Tiller (fødd 16. januar 1959) er ein norsk sjakkspelar. Han vart Noregsmeister i sjakk i 1983[1]. Bjørn Tiller vart utnemnd til Internasjonal Meister i sjakk (IM) av Verdssjakkforbundet FIDE i 1982[2].

I Noregsmeisterskapen i sjakk på Lillehammer i 1982 delte han førsteplassen med den då berre 15 år gamle Simen Agdestein. Simen Agdestein vann stikkampen.

Bjørn Tiller deltok på det norske landslaget i sjakk-OL (VM for landslag) i 1976 og 1980. I 1976 vart det 3 poeng på 7 parti, medan det i 1980 vart 4 sigrar og 4 remisar på 8 parti, 75 % skåre[3][4].

I 1974 vart Bjørn Tiller junior-Noregsmeister[5].

Bjørn Tiller er medlem av Oslo Schakselskap.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Brekke s. 107
  2. Brekke s. 95
  3. olimpbase
  4. Brekke s.113
  5. Brekke s. 106