Bjørnafjorden

Koordinatar: 60°6′48.460″N 5°25′43.028″E / 60.11346111°N 5.42861889°E / 60.11346111; 5.42861889
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjørnefjorden er namnet på ein liten fjord i Solund kommune. For kommunen, sjå Bjørnafjorden kommune.

60°6′48.460″N 5°25′43.028″E / 60.11346111°N 5.42861889°E / 60.11346111; 5.42861889

Bjørnafjorden sett austover frå ferja mellom Sandvikvåg og Halhjem

Bjørnafjorden er ein fjord i mellom kommunane Tysnes i sør, Bjørnafjorden i nord og vest og Austevoll i vest. Fjorden er ein del av hovudfartsåra for skipstrafikk langs norskekysten og er 583 meter på det djupaste.

Bjørnefjord strekkjer seg frå det nordlege Austevoll.
Ferja i sambandet Våge-Halhjem ute i Bjørnafjorden. Biletet er teke frå Gjøvågsvarden nordvest på Reksteren.

Fjorden har fleire innløp. Dei to viktigaste er frå Langenuen mellom Reksteren og Huftarøy og den andre frå Korsfjorden mellom Skorpo og Strøno i vest og Varden i aust. Bjørnafjorden er 30 km frå vest til aust, men tar ein med sidefjorden Fusafjorden og Samnangerfjorden vert han 50 km lang.

Sør for fjorden ligg Reksteren og Tysnesøy. Mellom desse øyane går Søreidsvika sørover til Uggdalseidet. Frå sørenden går Leiasundet og Bårdsundet vestover til Langenuen. På nordsida av Tysnesøy ligg to andre viker. Tysnesvika går inn til Våge og lenger aust ligg Humlevika og grenda Lundegrend. Aust for Tysnesøy går Lokksundet sørover til Onarheimsfjorden, ein fjordarm av Hardangerfjorden. Aust for Lokksundet stikk Lygrespollen 6 km austover med sidefjordane Lygresfjorden og Austefjorden.

På norsida av fjorden ligg øya Røtinga og litt lenger aust ligg Halhjem. Frå her går det ferjesamband sørover til SandvikvågFitjar og til Våge. Ved sida av Halhjem ligg Bjørnaåsen med neset Bjørnatrynet på sørsida, som har gjeve namn til fjorden. Aust for Bjørnatrynet går Fusafjorden nordover. Aust for innløpet til Fusafjorden ligg bygda Strandvik ved inngangen til Sævareidfjorden. Aust for Strandvik, på andre sida av fjorden, ligg Revenstrand og Baldersheim

Fleire båtar har fått namnet Bjørnefjord, mellom anna ferja MF «Bjørnefjord».