Bjørnskinn kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjørnskinn kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Sør-Hålogaland
Prosti Vesterålen
Sokn Bjørnskinn
Fellesråd Andøy
Type Langkyrkje
Arkitekt Johan Kunig
Material Tre
Innvigd 29. april 1885
Døypefont Av Andreas Nilsskog[1]
Sitjeplassar 340
Kart
Bjørnskinn kyrkje
69°00′03″N 15°37′47″E / 69.0007°N 15.6297°E / 69.0007; 15.6297
Wikimedia Commons: Bjørnskinn kirke

Bjørnskinn kyrkje ligg på Bjørnskinn i Andøy kommune i Nordland. Ho er soknekyrkje for Bjørnskinn sokn i Vesterålen prosti. Kyrkja er ei langkyrkje i tre. Ho vart vigsla i 1885[2] og har 340 plassar. Arkitekt for kyrkja var Johan Kunig.

Dagens kyrkje vart bygd då den gamle kyrkja på staden var blitt for lita. Den gamle kyrkja vart bygd rundt 1740 og ho vart riven for å gje plass til nykyrkja. Det har tidlegare stått ei tredje kyrkje på staden, nærare fjellet. Ho vart teken av eit snøras på 1700-talet.

Inventar[endre | endre wikiteksten]

Orgelet i Bjørnskinn kyrkje er bygd i 1860, og har stått i denne kyrkja siden 1936.

Døypefonten er laga av Andreas Nilsskog.[1]

Andre kyrkjer i Andøy kommune[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Andreas Nilsskog» på nettstaden drevja.com
  2. Vesteraalen.info