Bjarkøysambandet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bjarkøysambandet, eller Bjarkøyforbindelsen, er eit foreslått vegsamband mellom Grytøya og Bjarkøya, og Grytøya og Sandsøya i Troms. Planen går ut på å knyte Bjarkøya og Sandsøya til Grytøya med undersjøiske vegtunnelar. Kostnadsoverslaget for vegsambandet har lydd på 493 millionar kroner.

Hausten 2002 held Bjarkøy kommune ei folkerøysting der om lag 90% røysta for å slå kommunen saman med Harstad kommune dersom Bjarkøysambandet vart bygd, men valdeltakinga var for låg til at resultatet vart bindande.

Ideen om eit fast vegsamband vart fyrst lagd fram på 1980-talet.

I april 2005 valde fylkestinget i Troms å nedprioritere Bjarkøysambandet i handsaminga av Nasjonal transportplan.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen byggjer på «Bjarklyforbindelsen» henta frå Wikipedia på bokmål 29. juni 2007.