Bjarmeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bjarmeland (latin Biarmia, Biarmonia) og bjarmar er i den gammalnordiske litteraturen eit vanleg namn på trakta og folket ved Kvitsjøen, omkring elva Dvina, kvar det fanst ein by litt ovanfor elvemunninga.

Bjarmane nemnast først i nordmannen Ottars forteljing til angelsaksaranes kong Alfred, om ei reise dit kring år 890. Sidan blei det ofte ført handels- og krigstog dit frå Noreg. Frå 1300-talet blei området meir og meir avhengig av Novgorod.

Nyare forsking har visa at bjarmar truleg er synonyme med dagens vepsarar, eit finsk-ugrisk urfolk som held til på Karelen i Russland[treng kjelde].