Bjarne Dåe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjarne Dåe
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1931 (93 år)
Yrke politikar
Politisk parti Arbeidarpartiet

Bjarne Dåe (f. 1931) er ein norsk lærar og arbeidarpartipolitikar. Dåe er oppvaksen i Masfjorden kommune i Hordaland, men busett i Brekke i Gulen kommune i Sogn og Fjordane.

Bjarne Dåe tok lærareksamen i 1956, og han underviste som lærar på fleire skular i Hordaland før han vart lærar på Brekke skule i 1963. Han fekk også stillinga som rektor.

Frå 1982 til 1996 sat Dåe som skulesjef i Gulen kommune. Han var også medlem av kommunestyret og formannskapet for Arbeidarpartiet i åtte år. Frå 1985 til 1993 var han leiar av distriktsprogramrådet i NRK Sogn og Fjordane.

Dåe sit i Eldrerådet i Gulen kommune. Han har også engasjert seg i skuledebatten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]