Bjarte Engen Vik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjarte Engen Vik
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. mars 1971 (53 år)
Tromsø kommune
Idrett kombinert
Tok del i

Skihopping under Vinter-OL 1994, Skihopping under Vinter-OL 1998, Nordic combined at the 1994 Winter Olympics – individual, Nordic combined at the 1998 Winter Olympics – individual, Nordic combined at the 1998 Winter Olympics – team

Utmerkingar

Holmenkollmedaljen

Bjarte Engen Vik (fødd 3. mars 1971) er ein tidlegare kombinertrennar og skihoppar. Han vann tre individuelle VM-titlar i kombinert og vart olympisk meister i 1998. Dessutan var han med å vinne to lagtevlingar under verdsmeisterskapar, og lagtevlinga under OL i 1998. I alt vann han tolv (7-4-1) medaljar i dei store meisterskapane, fem individuelle og sju i lagtevlingar. Han vann verdscupen i kombinert i 1998 og 1999. Mellom mars 1996 og januar 2001 vann han 26 verdscuprenn. Han vart noregsmeister i kombinert seks gongar og fekk til to NM-bronser, den eine i skihopping. Vik, som representerte Bardufoss og Omegn Idrettsforening , hadde sin store styrke i hoppbakken.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Vik deltok i sin fyrste internasjonale meisterskap i Falun 1993, der han vart nummer fire i verdsmeisterskapen. Året etter fekk han bronsemedaljen i kombinertøvinga under OL på Lillehammer, etter å ha tapt spurten om sølvet mot Takanori Kōno frå Japan. Seinare i olympiaden gjekk han andreetappen for Noregs tremannslag i lagtevlinga. I ski-VM 1995 i Thunder Bay var han med å vinne eit nytt lagsølv for Noreg, den gongen eit firemannslag.

I 1997 tok Vik sølvet i kombinertøvinga i verdsmeisterskapen i Trondheim, vel halvminuttet bak verdsmeisteren Kenji Ogiwara frå Japan. Deretter gjekk Vik andreetappen på Noregs vinnarlag i lagtevlinga; dei andre på laget var Halldor Skard, Knut Tore Apeland og Fred Børre Lundberg. Under vinter-OL 1998 vart Vik dobbeltvinnar då han vann den individuelle øvinga framom Samppa Lajunen frå Finland, og sidan då han deltok for Noreg i lagtevlinga. I lagtevlinga hadde han hjelp av lagkameratane førnemnde Skard, Lundberg og Kenneth Braaten.

Vik vart individuell verdsmeister for fyrste gong i Ramsau am Dachstein i 1999. Han vann då normalprogrammet i kombinert med to hopp i hoppbakken og eit langrenn over 15 kilometer. Sidan vann han også ei såkalla sprinttevling (halvprogram), ei då fersk øving som stod på VM-programmet for aller fyrste gong. I begge tevlingane sigra han med om lag eit halvt minutts forsprang til høvesvis Samppa Lajunen og Kenji Ogiwara. I lagtvelinga i Ramsau vart det norsk sølv med Vik på sluttetappen.

Vik tok sine siste gullmedaljar i ski-VM 2001 i Lahti. Han sigra i normalprogrammet med over eit minutt til Samppa Lajunen, medan han i sprinttevlinga vart nummer ni. Vik gjekk så tredjeetappen for Noregs lag som gjekk til topps i lagtevlinga, elleve sekundar føre Austerrike. Kenneth Braaten, Sverre Rotevatn og Kristian Hammer var dei andre på meisterlaget.

Frå 1996 til 2000 vann Vik kvart år kombinert-øvinga i Holmenkollrenna, ein prestasjon som berre Lauritz Bergendahl, Johan Grøttumsbråten og Rauno Miettinen kunne vise til.

Vik la opp som kombinertrennar i 2001.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Startnummeret til Bjarte Engen Vik frå Nagano 1998

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

I 1997 vart Vik tildelt Holmenkollmedaljen, saman med Stefania Belmondo og Bjørn Dæhlie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]