Bjartmar Gjerde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjartmar Gjerde

Fødd6. november 1931
Sande kommune
Død28. november 2009 (78 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, journalist
EktefelleAnne Karin Hoel
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (1965–1969)
  • Norsk olje- og energiminister (1978–1980)
  • Norsk industriminister (1976–1978)
  • Norsk kyrkje- og undervisningsminister (1973–1976)
  • Norsk kyrkje- og undervisningsminister (1971–1972)
  • kringkastingssjef (1981–1989) Sjå dette på Wikidata

Bjartmar Alv Gjerde (6. november 193128. november 2009) var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han vart fødd på Larsnes i Sande på Sunnmøre.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Bjartmar Gjerde hadde ikkje formell utdanning ut over folkeskulen. 16 år gammal byrja han som journalist i Sunnmøre Arbeideravis. Seinare var han i mange år redaktør i AUF si avis Fritt slag, før han vart leiar for Arbeidernes Ungdomsfylking (AUF) frå 1958 til 1961. Han vart sjefssekretær i Arbeidernes Opplysningsforbund (AOF) frå 1963, ei stilling han hadde til 1980. Frå 1971 hadde han stort sett permisjon, for å vere statsråd i fleire regjeringar:

Han var statsråd for Kyrkje- og undervisingsdepartementet i Trygve Bratteli si første regjering frå 17. mars 1971 til 18. oktober 1972 og i Trygve Bratteli si andre regjering frå 16. oktober 1973 til 15. januar 1976. Han hadde deretter to statsrådpostar i Odvar Nordli si regjering. Først i Industridepartementet frå 15. januar 1976 til 11. januar 1978, og deretter var han den første statsråden i det nyoppretta Olje- og energidepartementet frå 11. januar 1978 til 3. oktober 1980.

Han var kringkastingssjef i NRK frå 1981 til 1989. Frå 1989 til 1994 var han arbeidsdirektør.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Spire Denne medieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.