Bjelkebru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Drammensbrua er ei bjelkebru.

Bjelkebru er ei bru som vert halden oppe av ein eller fleire bjelkar som ligg over staden ein ønskjer å kryssa. Desse kan vera av armert betong, stål eller tre. Brubanen kan vera av armert betong eller tre.[1]

Stålbjelkebruer har gjerne to berebjelkar i stål som kviler på støypte brukar og gjerne eit dekke av betong eller treplankar og bord. Slike bruer kan trafikkerast av store lastebilar med aksellast på 10 tonn og totalvekt på meir enn 50 tonn. Det er òg bygd bruer med berebjelkar av limtre, dette er helst gangbruer eller bruer for lette køyretøy.

Dei enklaste bjelkebrua vert helst kalla ein klopp, det er ein trebjelke eller ein stokk som ligg over ein bekk eller ein annan stad vi treng ei enkel bru for å kryssa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «bjelkebro». Store norske leksikon (på norsk). 22. august 2023.