Bjercke og Eliassen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjømannsskulen på Ekeberg.
Foto: C. Hill
Jernbanetorget 2, tidlegare hovudkontor for Den norske Amerikalinje.
Foto: Mahlum

Bjercke og Eliassen var eit norsk arkitektfirma skipa i Oslo i 1914 av Andreas Bjercke og Georg Eliassen. Saman dreiv dei firmaet fram til 1960.[1]

I første halvdelen av 1900-talet hadde dei ein stor produksjon innen dei fleste byggtyper. Dei arbeidde tett i lag og det er nærast umogleg å skilje kven av dei som gjorde kva.

Av dei markante oppgåvene dei fekk finn ein mellom anna Sjømannsskulen på Ekeberg, Den norske Amerikalinjes hovudkontor på Jernbanetorget i Oslo, Minnehallen i Stavern, Sjømannsskulen i Tønsberg, Oslo Lysverker, Redernes Hus i Oslo, Sundøya fjordrestaurant og klubbhuset Dronningen ved Bygdøy. I fleire av bygga designa dei òg møbler, tapet og anna inventar.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Firmaet fekk Houens fonds diplom for fire av sine bygg og Sundts premie for to. Dei fekk Houens fonds diplom i 1923 for Sjømannsskulen i Oslo, i 1925 for Sjømannsskulen i Tønsberg, i 1933 for Oslo Lysverker og i 1941 for Redernes Hus, Oslo. [2]

Dei fekk Sundts premie i 1920 for bustaden til Eliassen i Professor Dahls gate 46 B i Oslo og i 1928 for forretningsgarden Karl Johans gate 17.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Arkivverket om Bjercke og Eliassen
  2. Houens fonds diplom Arkivert 2014-02-01 ved Wayback Machine. frå Norske arkitekters landsforbund
  3. Sundts premie Arkivert 2014-02-01 ved Wayback Machine. frå Norske arkitekters landsforbund