Bjerkreim Kristelege Ungdomslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
BKU-logoen frå 2023. Designa av Stein Are Vik.

Bjerkreim Kristelege Ungdomslag (BKU) er eit norsk ungdomslag som vart skipa i 1942, og har rundt 21 medlemmar i 2024. Laget arrangerer kristne arrangement annankvar laurdag kveld som er opne for alle. Laget var også i samarbeid med det lokale ungdomskoret Bjerkreim Ungdomskor (1974); som vart starta innanfor laget, men er no separat.

Det erklærte formålet for laget er «å vinna menneske for Kristus og styrkja sant kristenliv mellom medlemmane, og ungdom elles».[1]

Nytt styre skal veljast kvart år, styremedlem vart valde inn for 2 år om gongen, medan ein leiar må veljast inn kvart år. Det er inga avgrensing for kor mange år ein kan sitta i styret.

Tilstellingar[endre | endre wikiteksten]

Den største hendinga BKU arrangerer kvart år er nyttårsfesten. Laget arrangerer også bilrebus, paintball og før var det også skiweekend, festar og ungdomsgustenester som andre arrangement.

Alle arrangementa vert lagt ut på BKU sin Instagram-profil[2] og i BKU si eiga Facebook-gruppe.[3] Aldersgrensa for å delta på arrangementa til laget er 8. klasse og oppover.

Arrangement-delen til BKU kan sjå slik ut: Ein startar med ei opningsleik som f.eks avisleiken, fullstorm eller ei leik som ingen kan vinne; denne fortset heilt til at det er tydeleg at folk ikkje gidd meir eller til klokka vert 22.30. Etter leiken er det tid for andakt. Om folk ikkje forstyrrar under andakta så får dei eit lodd og ein sjanse til å vinna 1 av 3 premiar. Etter andakta vert det spelt ein song med tekst på skjermen så dei som vil kan syngje med. Når alt dette er gjort vert det funne fram bordtennis til dei som vil spela det, ein kan også spela kort eller berre vere med vennar.

BKU har også hatt fleire underprosjekt og grupper, som BKU Teamet (lovsangsteam), BKU Productions (Filmteam), BKU Mafia, BKU Audio og BKU Studio.

Styret 2023-2024[endre | endre wikiteksten]

  • Stein Are Vik (leiar)
  • Leander Moi (Styremedlem)
  • Ingrid Vassbø Sæth (Styremedlem)
  • Hanna Refstie Christensen (Styremedlem)

Vaksne hjelparar[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til ungdomane som sit i styret har BKU nokre vaksne som hjelpar til slik at BKU skal klare seg, til dømes som kasserar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]