Bjerkreim kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bjerkreim kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1114
Fylke Rogaland
Adm.senter Vikeså
Areal 659 km²
Folkemengd 2 779 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2007-) Marthon Skårland (H)
Målform Nøytral[1][2]
Nettstad www.bjerkreim.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[3]
Befolkningsutvikling kommune 1114.svg
Bjerkreim kommune på Commons

Bjerkreim kommune ligg sør-aust i Rogaland fylke og grensar i nord til Gjesdal, i sør til Eigersund, i vest til og Time og i aust til Sirdal i Vest-Agder fylke. Delar av kommunen er rekna å vera ein del av Høg-Jæren, men kommunen vert mest sett på som ein del av regionen Dalane.

Kommunesenteret Vikeså ligg ved E39, hovudvegen mellom Stavanger, Kristiansand og Oslo. Gloppedalsura, den største steinura i Nord-Europa, ligg i Bjerkreim. Då tyskarane rykte fram våren 1940 under den andre verdskrigen, møtte dei sterk motstand frå norske styrkar i Gloppedalsura. Hendinga vert omtala som kampane i Gloppedalsura. Bjerkreimselva, som renn gjennom mest heile kommunen, er eit vassdrag med mykje laks.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Bjerkreim kommune ligg mellom det flate Jæren i sør og Setesdal – vesthei og Ryfylkeheiane i nord. I sør er heiane låge og jorda godt eigna til landbruksdrift. Reiser ein nordover møter ein fjell og dalar, og lengst i nord strekker toppane seg over 900 meter. Dei høgaste toppane er Vinjakula på 907 meter og Skykula på 906 meter. Bjerkreim ligg såleis vel plassert i ein region som ber namnet sitt med rette - Dalane.

I dei sørlege og lågare liggande delane av kommunen finn ein store areal som vert dyrka, og kulturlandskapet set sitt vakre preg. Mot nord finn ein urørte heier med mange idylliske plasser for dei som likar seg i heia både sommar, haust, vinter og vår.

Dalføra ligg i nordaustleg retning. Dei største dalføra er Ørsdalen og Austrumdalen. Desse dalane er prega av store vatn og steile høge fjell – vestlandsfjordane i miniatyr? Det største vatnet er Ørsdalsvatnet, 18 km langt. Dette vatnet og naturen omkring kan du oppleva ved å ta båten Ørsdølen ein søndag om sommaren. I nordvest finn ein Gloppedalsura – ei av dei største steinurene i Nordeuropa.

Ein sentral del av landskapet i Bjerkreim er Bjerkreimsvassdraget. Dei fleste av dei vatn, bekkar og elvar som finst i kommunen høyrer til dette vassdraget, som endar si ferd mot havet ved Egersund. Dei siste åra har laksefisket teke seg opp, og elva er blant dei beste fiskeelvane i Noreg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det har vore busetnad i Bjerkreim så langt tilbake som 5000–6000 år. Funn frå steinalderen dokumenterer så tidleg busetnad. Uadalsområdet på Storrsheia. 2–3 km nord for Vikeså Sentrum ved E39 er døme på gamal gardsdrift og busetnad. Her har budd folk frå 350 og fram til Svartedauden i 1349. Området er svært særprega og i fylkessamanheng det mest intakte anlegget. I same beltet ligg og Auglend med tydelege merke etter langhus som var reiste her.

Desse anlegga viser at folk var bønder som dyrka korn og levde av jakt, fiske og enkelt jordbruk. På 1800 talet var bygda busett på bruk som blei fråflytta og nedlagt på slutten av 1800 talet og første del av 1900 talet. Berre langs Ørsdalsvatnet var det busett folk på fleire bruk. likeeins i austre del av kommunen t.d. på gardane Brattebø og Kvitlen. Alle desse bruka er nå fråflytta.

I krigsåra 1940–45 var Bjerkreim arena for fleire krigshendingar. Slaget i Gloppedalsura i aprildagane i 1940 står som symbol på den norske motstandkrafta, fleire tyskarar miste livet i desse kampane. Fleire Bjerkreimbuar engasjerte seg i motstansarbeid, og hausten 1944 gjekk tyskararane til åtak på Gjedrem der fleire norske flyktningar var i skjul. Seinare er denne hendinga blitt kalla Slaget på Gjedreim. Om lag 100 bjerkreimbuar vart sett i tysk krigsfangenskap, men alle kom heim att. Hadde krigen vart nokre dagar lenger, var det nok mange som aldri hadde sett bygda att.

Næring[endre | endre wikiteksten]

Næringsvegen i Bjerkreim har alltid vore prega av jordbrukarar, og særskilt har sauehald vore ei sentral næring. Dei store fesjåa for sau var storhendingar på nivå med 17. mai-feiringa. På 1970-talet stilna sjåa av og vart avløyst av Bjerkreimsmarken som er blitt ein årleg folkefest med eit breitt engasjement.

Bygda har endra seg mykje, særleg dei siste 40 åra. Sentra Vikeså og Bjerkreim har utvikla seg til små «bygdebyar» med eigne bustadområde. Folketalet har auka frå vel 1&nsbp;800 innbyggjarar til i dag nær 2&nsbp;500. I denne perioden har skular, barnehagar, sjukeheim og heradshus blitt reist, og bygda har fått eit heilt anna tenestetilbod enn før. Det har i tillegg til dei arbeidsplassane som blei skapt av offentleg sektor og blitt skapt mange nye arbeidsplassar innan industri og service. Jordbruket har og hatt ei svært positiv utvikling og framstår i dag som ei moderne næring på høgde med andre distrikt i Rogaland. Bjerkreim er ikkje lenger ei bygd med einsidig næringsliv knytt til jordbruket, sjølv om denne næringa framleis betyr mykje for mange.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Bjerkreim har som politisk/organisatorisk eining vore om lag uendra sidan formannskapslovene vart innført i 1837. I 1960-åra var det ei grenseregulering og Maudal blei overført frå Bjerkreim til Gjesdal. Bygda har hatt eit levande folkestyre og ordførarar som har markert kommunen og bygda godt. Så langt ein kjenner til er det berre Tollef Gjedrem som er blitt valt direkte inn på Stortinget. Han sat på tinget i perioden 1906–1921.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Kulturen har også hatt ei positiv utvikling i siste halvdelen av 1900-talet, med nye bygg og stor aktivitet i frivillige lag og organisasjonar. Bygda har fått eiga storstove med Bjerkreimshallen.

Gode kommunikasjonar som blei bygde for 30–40 år sidan med E39 som livsnerven gjennom bygda, har gjort det lettare for folket både når det gjeld arbeid, utdanning og fritid.

Kommunen har valt ein plass i Bjerkreim sentrum til tusenårsstad for kommunen. Denne staden ligg ved avkøyringa til skulen og kyrkja, vis-à-vis gamle Bjerkreim Varesenter. No er det ein fiskebutikk der. Det er lagt opp ein fin steinmur, lagt belegningsstein, planta pent og plassen har benker til å sitja på.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Ivesdal kapell er ei langkyrkje frå 1876

I Bjerkreim er det tre kyrkjer/kapell. Bjerkreimskyrkja blei reist i 1835 og er ei Linstovkyrkje.

Seinare blei det reist kapell på Ivesdal og for vel 20 år sidan kombinert skule og kapell i Ørsdalen. Likevel blei ikkje Bjerkreim eige prestegjeld før for om lag 10 år sidan. I mange år var Bjerkreim og Helleland felles prestegjeld og soknepresten var busett på Helleland. I bygda har det vore sterke religiøse og kristne tradisjonar. «Far» til dei sterktruande, Knud Spødervold, var fødd i bygda og levde lenge her. Salmediktaren Trygve Bjerkrheim var og fødd i bygda, men familien flytte til Austlandet når han var berre 7–8 år. Fleire misjonærar har og denne bygda som heimstad.

Folk med tilknytting til Bjerkreim[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]