Bjoafjorden

Koordinatar: 59°41′38.702″N 5°39′18.763″E / 59.69408389°N 5.65521194°E / 59.69408389; 5.65521194
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°41′38.702″N 5°39′18.763″E / 59.69408389°N 5.65521194°E / 59.69408389; 5.65521194

Bjoafjorden ligg øvst til høgre på biletet. I framgrunnen er Bømlo med fjellet Siggjo.

Bjoafjorden er ein sidefjord av Halsnøyfjorden og Hardangerfjorden på fylkesgrensa mellom Vestland og Rogaland i kommunane Kvinnherad, Vindafjord og Etne. Fjorden har innløp i nord mellom Jonasvoll ytst på Tittelsnes i Sveio og Askeneset på Fjelbergøya i Kvinnherad. Frå her går fjorden 15 km søraustover på sørvestsida av Fjellbergøya.

Sør for Fjelbergøya går det vesle fjordstykket Melen austover og held fram som Skånevikfjorden. I søraust deler Bjoafjorden seg i to grener, Etnefjorden mot aust og Ølsfjorden mot sør. Frå innløpet av Bjoafjorden til botn av Etnefjorden ved Etne er lengda 24 km.

Rett nord for innløpet til desse to fjordane ligg tre øyar. Romsa er den største av desse og ligg lengst nord. På andre sida av Romsasundet ligg Glopsøya og lengst sør ligg Tolløya. På austsida av desse øyane vert sundet òg kalla Romsasundet, medan sundet på vestsida av øyane heiter Haugessundet etter grenda Haugsgjerd som ligg her.

Vest for Haugsgjerd, på sørsida av Bjoafjorden, ligg dei to bygdene Innbjoa og Utbjoa. Frå Utbjoa går det ferjesamband over Bjoafjorden til Fjelberg på Fjelbergøya i Kvinnherad og vidare til Sundnes på Halsnøy. Det går òg ferje til SkjersholmaneStord.