Bjorøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bjorøy
Geografi
Norway - Bjorøy.png
Stad Raunefjorden
Koordinatar 60°19′10″N 05°10′29″EKoordinatar: 60°19′10″N 05°10′29″E
Areal 4,1 km²
Høgaste punkt Rundelen (95 moh.)
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Hordaland

Bjorøy er ei øy som ligg i Fjell kommune i Hordaland fylke. På øya er det om lag 500 fastbuande og tilnærma like mange hytteeigarar. Like ved Bjorøy ligg Tyssøy, og det er bru mellom desse to øyane. Fram til 1996 var ikkje Bjorøy knytt saman med fastlandet, men i 1996 opna Bjorøytunnelen. Denne tunnelen har ei lengd på om lag to kilometer og er kjend for bratt stiging og krappe svingar. Tunnelen strekkjer seg frå Nilsvika på Bjorøy til Alvøen i Bergen kommune. Før tunnelen opna, gjekk det ferje mellom Bjorøy og Alvøen kai.

Bjorøy oppveksttun er eit viktig knutepunkt i lokalsamfunnet, der ein finn barnehage, skulefritidsordning og barneskule på same område. Sjølv om Bjorøy er eit lite øysamfunn, har øya eit eige idrettslag, kalla Bjorøy idrettslag, med blant anna fotballag for både store og små, samt eit volleyballag. Ein finn også eit gartneri og ein liten interiørbutikk på øya. I dei siste åra, spesielt etter at tunnelen opna, har fleire og fleire folk funne vegen til Bjorøy, og slått seg til der.

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk