Bjordal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


Bjordal
stad
Utsikt over Bjordal
Foto: Silje Bjordal
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Høyanger
Postnummer 5962 Bjordal
Kart
Bjordal
61°04′35″N 5°49′47″E / 61.0764°N 5.82972°E / 61.0764; 5.82972

Bjordal er ei bygd på sørsida av Sognefjorden i Høyanger kommune. Bjordal er lokalisert inne i Fuglesetfjorden, ein 9 km lang sørgåande arm av Sognefjorden. Bygda er omgjeven av høge fjell på alle sider utenom nordsida. Næringslivet i bygda er hovudsakleg landbruk, men frakting av stein til utlandet er ei næring i kraftig vekst. Bjordal grensar til nasjonalparken Stølsheimen og har historisk vert knytta til området gjennom stølsdrift.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Navnet Bjordal kjem truleg av ordet "bjore", som er eit trekanta stykke.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bjordal var ei veglaus bygd fram til etter krigen . Jekter blei brukt hyppig som framkomstmiddel og transportfartøy fram til 1920 åra då motoriserte fartøy tok over. Innbyggjarane reiste ofte til Bergen for å kjøpe og handle varer.[2]

Rett utanfor Bjordal ligg skipsvraket til den norske jagaren "Garm".[3]

Våren 1945 vart sela i Fridalen i Bjordal nytta som innkvartering for dei norske Bjørn West (milorg) styrkane som låg i fjellet.[4]

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Fylkesveg 5442 går samanhengande langs sørsida av Sognefjorden mellom Ortnevik og Oppedal i Gulen via den 1552 meter lange Bjordalstunnelen. Frå Bjordal går Fjordvegen sørover over fjellet til Matre i Nordhordland. Vegen er berre open om sommaren.[5]

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Senterpartiet er det mest populære partiet i Bjordal, både ved stortingsval og kommuneval.[6]

Partioppslutning Kommuneval 2019
Parti Oppslutning
Senterpartiet 65.8 %
Arbeidarpartiet 16.5 %
Høgre 12.7 %

[7][8][9]

Partioppslutning ved stortingsvalet 2021[10]
Parti Oppslutning
Senterpartiet 48.9 %
Høgre 15.8 %
Arbeidarpartiet 14.3%

Bjordal kyrkje[endre | endre wikiteksten]

I Bjordal ligg Bjordal kyrkje, ei langkyrkje frå 1906.

Bjordal kraftverk[endre | endre wikiteksten]

Bjordal kraftverk var eit mindre kraftverk oppført i tre. Det var i drift frå 1923 til 1958. Inventaret bestod av ein likestraumsgenerator på 29 HK som vart driven av ein Francisturbin. Turbinen var datert 1914. Byggeprosjektet vart utført av firma Jonas Myre frå Bergen.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Førsund, Adolf (1963). Bygdebok for Kyrkjebø. no#: Bygdesogenemnda for Kyrkjebø. 
  2. Førsund, Adolf (1963). Bygdebok for Kyrkjebø. no#: Bygdesogenemnda for Kyrkjebø. 
  3. https://no.wikipedia.org/wiki/%C2%ABGarm%C2%BB_(1913)
  4. Kilder: Ljotebø, Gaute. 2012. Stølar og stølsliv i Høyanger kommune. Strevsamt og fritt.
  5. Thorsnæs, Geir; Askheim, Svein (15. juni 2023). «Høyanger». Store norske leksikon (på norsk). 
  6. «Valgresultat for Bjordal», NRK (på norsk bokmål), henta 25. juli 2023 
  7. https://www.nrk.no/valg/2021/resultat/geografi/14/4638/0001/
  8. «Valgresultat for Bjordal – Valg 2019», NRK (på norsk bokmål), henta 25. juli 2023 
  9. «Valgresultat for Bjordal – Valg 2019», NRK (på norsk bokmål), henta 25. juli 2023 
  10. https://www.nrk.no/valg/2019/resultat/nb/sted/46380001
  11. Kart - Kulturminnesøk (på norsk bokmål), henta 25. juli 2023