Bjordal og Ortnevik
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bjordal og Ortnevik sokn)
Bjordal og Ortnevik er eit kyrkjesokn i Ytre Sogn prosti. Soknet femner den austre delen av det av Høyanger kommune som ligg på sørsida av Sognefjorden, og har to kyrkjer, Bjordal kyrkje og Ortnevik kyrkje. Soknet vart skipa 1. januar 1997 ved ei omorganisering av sokna i Lavik prestegjeld. Bjordal kyrkje vart bygd i 1906[1] og Ortnevik kyrkje i 1925[2], før den tid sokna folk i området til Kyrkjebø kyrkje på nordsida av Sognefjorden.
Kjelder [endre]
- Om Bjordal og Ortnevik sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
Fotnotar [endre]
|
|
|
|---|---|
| Arnafjord · Balestrand · Bjordal og Ortnevik · Brekke · Feios · Fresvik · Gulen · Hyllestad · Høyanger · Kyrkjebø · Lavik · Mjømna · Solund · Vangsnes · Vik |