Bjugn kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bjugn)
Gå til: navigering, søk
Bjugn kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1627
Fylke Sør-Trøndelag
Adm.senter Botngård
Areal 381 km²
Folketal 4 567 (1. jan 2011)
Politikk
Ordførar (2003-) Arnfinn Astad (Ap)
Målform Bokmål
Nettstad www.bjugn.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1627.svg
Bjugn kommune på Commons
Utsyn over Eide i Bjugn

Bjugn er ein kystkommune som ligg på Fosenhalvøya i Sør-Trøndelag fylke. Han har fire tettstader med Lysøysund og administrasjonssenteret Botngård som dei største. Kommunen grenser til Åfjord i nord, Rissa i aust og Ørland i vest.

Kommunevåpenet til Bjugn viser eit ror i gullblå botn. Dette blei vedteke av kommunen i april 1987 og godkjent i statsråd i 1989.

Innhaldsliste

[endre] Geografi

Bjugnfjorden, Tarvafjorden og Stjørnfjorden skjer inn i kommunen. Været og Karlsøya er øyar som ligg langt frå fastlandet sør i kommunen, medan Melsteinen ligg i nord.

Seksortklumpen på 490 moh. er høgaste fjellet, men det noko lågare Kopparn 483 moh. er eit meir imponerande og velkjent landemerke.

[endre] Historie

Det finst mange spor frå eldre jernalder i kommunen, for det meste gravhaugar, som ligg konsentrert i særskilde område langs kysten.

Sildefiske var lenge ein viktig næringskjelde i området som no er Bjugn kommune, og det blei etablert to fabrikkar for sildolje og sildemjøl her på 1950-talet.

I 1899 blei Bjugn delt opp herada i Stjørna, Bjugn og Nes. I 1964 blei herada Jøssund, Nes, Bjugn og nord-Stjørna slått saman til Bjugn kommune.

[endre] Natur

Engstorkenebb er kommuneblomen til Bjugn.

[endre] Kultur

Mølnargården er bygdatun og museum for kommunen. Her blir kvart år det historiske spelet Mølnargårdsspellet, som skildrar Bjugn-historia frå steinalderen til 1900-talet, vist fram. Dette var det første utandørsspelet som blei laga til i Sør-Trøndelag.

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Fotnotar

Personlege verktøy
Namnerom
Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk